Aug 10, 2011

Å drømme om sommarfuglar

Eg les 1Q84 nå. Vanlegvis er bøkene mine og draumane mine to forskjellige plassar. Men ikkje når eg les Murakami. Då er det som om boka og draumen glir inn i kvarandre og eg begynner å drømme om Murakami sitt univers.

I natt drømde eg at eg var i eit drivhus fullt av sommarfuglar, saman med ei gammal, japansk, klok dame, akkurat som Aomane i boka. Når Aomane går frå drivhuset, må ho lukke døra forsiktig opp og igjen, slik at ikkje sommarfuglane rømmer. I draumen min er eg, som i verkelegheita, langt meir klønete enn denne vesle, japanske jenta. Eg får ikkje igjen døra, og blir ståande midt i ein sverm av sommarfuglar som flyg ut av drivhuset. Lenge. Det er ei uendeleg mengde sommarfuglar i dette drivhuset. Dei har all slags fargar og all slags fasongar. Eg gløymer etterkvart å vere redd for at den gamle dama skal bli sint for at eg har sleppe sommarfuglane ut, fordi det er så vidunderleg vakkert å stå der, midt i ein stim av fargerike vinger.

Eg liker Murakami, fordi universet hans passar så godt saman med mine draumar. Og det er fint å drømme om sommarfuglar.

Aug 8, 2011

Kva skal du lese - veke 32

Det er siste ferieveke. Sommaren har gått overraskande fort. Snart er det kvardag igjen, men eg skal heldigvis nyte ei siste veke med mykje ekstra lesetid. Kva skal du lese denne veka?

Eg har begynt på 1Q84 av Haruki Murakami. Det er ei veldig fengande og god bok, så langt.

Elles har eg 40 sider igjen av The Finkler Question, som eg begynte på tidlegare i sommar. Eg stoppa litt opp i denne, fordi leselysta blei borte og tankane mine blei opptekne av andre ting, 22. juli. Men nå har eg tenkt å lese avslutninga også, på denne ganske fascinerande boka.

Aug 5, 2011

Å tenke framover

Fredag 22. juli skreiv eg at alle mine næraste var i god behold. Det stemde forsåvidt, men eg fekk etterkvart vite at ein ung mann på 21 år, som har betydd mykje for meg og fleire av mine venner, var blant dei sakna på Utøya. Det gjekk ei veke, så kom stadfestinga, først sa dei på radioen at det var samsvar mellom antall sakna og antall kroppar dei hadde funne. Så kom beskjeden frå familien, etterfulgd av namnelistene. Denne flotte ungdomspolitikaren, som hadde livet og framtida framføre seg var død.

Vi kan sjå tilbake på desse siste to vekene, på fleire ulike måtar. Vi kan diskutere kor vidt vi skal gi gjerningsmannen, han som ingen av oss forstår, mykje merksemd i media eller om vi skal protestere ved å snu avisbaksida fram i butikkane og forsøke å gløyme han. Vi kan diskutere innvandringsdebatten si form, både før og framover. Vi kan plassere skuld på miljø, tankeretningar og einskildpersonar. Vi kan diskutere om det er greit å vere anonym på nettet. Vi kan snakke om politihelikopter og reaksjonstid og ressursbruk innanfor beredskapsapparatet. Det finst nesten ingen grenser, for kva vi kan snakke om, i tida etter 22. juli.

Den alt for unge politikaren som blei gravlagt i går, hadde eit brennande engasjement for mangfold, mot diskriminering, og kanskje særleg for likskap i skulen og i kyrkja. Det skal vere rom for alle, både store og små grupperingar i heile samfunnet og i desse organisasjonane. Han hadde mange draumar om eit betre og meir inkluderande samfunn og han jobba aktivt for at mangfaldet i samfunnet vårt skulle vere ein ressurs og ikkje eit problem. Denne guten var unik, fordi han ikkje bare snakka. Han handla.

Alt har si tid, og sorgen over dei vi har mista vil vi bere med oss. Han kan vere der over lang tid, og vi må gi rom for han. Vi må ikkje bare avfeie sorgen. Men vi må ikkje gløyme kor vi mista dei. Vi mista dei, medan dei jobba for eit betre samfunn. Og mange har sagt dette før meg, og formulert det betre, men vi må ikkje la desse ungdommane sine draumar, ønsker og visjoner om eit betre samfunn døy med dei. Vi må la oss inspirere av engasjementet deira. Vi må finne eit svar på Gunnar Roalkvam sitt spørsmål, sunge og gjort kjende av Sigvart Dagsland:

Når eg ser at tunge skyer
trekke mørknå øve oss,
når eg ser de slibe kniver
og legge opp te det å sloss,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Når eg ser at någen stige,
mens de tråkke andre ner,
når eg ser at mange skjelve
og bøye av for det som skjer,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
hjelp oss samen
me som tror:
At møje kan me
hvis me vil det,
mens me vente
her på jord.

Når eg ser at drømmer bleikne,
og visjoner visne hen,
når eg ser at tvilen herske,
så lide tro me har igjen!
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Ka kan eg gjørr?
Eg e så...
Ka kan eg gjørr?
Eg e så....

Ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
hjelp oss samen
me som tror:
At møje kan me
hvis me vil det,
mens me vente
her på jord.

Når eg ser at tunge skyer
trekke mørknå øve oss,
når eg ser de slibe kniver
og legge opp te det å sloss,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?





Eg har eit ønske om at vi alle skal finne ut kva vi kan gjere. Og om at vi skal kunne la sorgen over dei som er borte gå over i handling.