Showing posts with label 1001 bøker. Show all posts
Showing posts with label 1001 bøker. Show all posts

Nov 3, 2011

Lydbøker

Nå er formen endeleg stigande igjen, og eg gleder meg over å orke stadig meir. Eg har vore plaga av svimling, kvalme vondt i hovudet, som eit resultat av ein infeksjon i indre øyret, nær eller på balanseorganet. Eller med andre ord, ei forkjøling som veks litt utav proporsjoner. Dette har også påverka synet mitt slik at når eg har forsøkt å lese, har bokstavane dansa rundt på papiret og det har vore veldig slitsomt å forsøke å ta inn synsinntrykk. Dei første dagane var det så vondt å feste blikket at eg ikkje orka sjå på tv. Men nå er formen stigande og eg nærmar meg klar for den vanlege kvardagen igjen, med både jobb og bøker og alt anna som følgjer med.

Men kva gjer ein, når ein verken orkar å lese bøker eller sjå på tv? Ein søv sjølvsagt ein god del, men den tida ein er vaken skal jo også fordrivast. Dermed har eg forsøkt å gi lydbøker ein ny sjanse. Eg har aldri likt lydbøker, for eg opplever så sjeldan at opplesinga passar inn med slik eg ville ha lese boka, om eg hadde lese med mi eiga stemme, inni meg. Tempoet blir ofte annleis og trykket og vektinga av ulike ord og setningsledd blir styrt av nokon andre enn meg. Eg liker det ikkje. Det tar frå meg litt av den råderetten over språket og boka, som eg gjerne vil ha, som lesar. 

Likevel, eg har lasta ned lydbokavspelaren på ordflyt.no, kor det er timesvis med lydbokmateriale til gratis avspeling og mp3-lydbøker som kan kjøpast. Først høyrde eg meg gjennom Stormfulle høyder av Emilie Brontë. Lesinga var litt heseblesande og masete, eg trur eg ville likt boka endå betre om eg hadde fått lese ho i mitt eige tempo. Men eg klarte henge med på opplesinga. Stormfulle høyder er ei spennande bok, full av gotikk og romantikk, framstilt på ein måte bare 1800-tals forfattarane kan framstille gotikken og romantikken. Kvar gong eg les bøker frå denne seinromantiske og gotiske perioden, spør eg meg sjølv korfor eg ikkje les fleire slike bøker. 

Handlinga i Stormfulle høyder begynner i nåtid med at den omreisande forteljaren, Herr Lockwood, kjem til Wuthering Heights, ein avsidesliggjande gard, langt frå allfarveg. Her får han ein kjølig velkomst av Heathcliff, ei ung kvinne og ein ung mann. Stemninga på godset er trykkande og ubehageleg og det blir ikkje betre av at Lockwood forsøker å småprate med folka. Når Lockwood skal sove, blir han skremd av ein spøkelsesliknande skapnad som banker på vindauget og vil inn til han, ein skapnad som Heathcliff viser seg å kjenne til. Dagen etter møter han Nelly, den tidlegare husholderska på Wuthering Heights, som fortel historia om Heathcliff som blei brakt til garden til familien Earnshaw som eit mørkt og underleg fosterbarn. Han veks opp saman med Catherine og broren Hinley, og medan han Heathcliff og Catherine utvikler eit heilt spesielt vennskap, er det stadig rivalisering mellom Hinley og Heathcliff. Og denne gamle kvinna som fortel om livet ho har levd på Wuthering Heights, er ramma for forteljinga om Heathcliff og Catherine og familien deira. 

Medan Nelly fortel om barndommen til ungane på garden til Earnshaw-familien, får eg sterk sympati for Heathcliff. Den mørke guten er annleis enn dei andre, og han er så var for inntrykk frå folk rundt han. Men etterkvart som han blir vaksen, utvikler han seg til å bli ein inkarnasjon av vondskapen. Boka presenterer til ei viss grad ulike årsaker til at Heathcliff blir vond, utan at ho analyserer dette for inngåande. Som lesar hamnar eg i ei konflikt mellom minnet om den sympatiske og stakkarslege fattigguten som stadig blir misforstått og antipatien mot Heathcliff og dei vonde handlingane han utfører, som vaksen. Den kompliserte relasjonen til Catherine, som etterkvart gifter seg med naboguten Edward Linton, driv han inn i galskapen og vondskapen. Grensene mellom liv og død blir utviska, og den intenst spennande romanen utforskar korleis det verste i mennesket kan vokse fram. 

Det er noko med karakterskildringane og forteljarstilen som greip meg veldig, då eg lytta til Stormfulle høyder. Nelly er heile tida ein sentral person i forteljinga si, likevel er ho heile tida objektiv, nøktern og observerande. Sjølv om Heathcliff blir framstilt som den vonde og den gale, er ho aldri vurderande. Ho tar ikkje parti og sjølv om ho er ueinig med karakterane innimellom, blir handlinga fortald, rett fram. Dette er ei styrke i boka. Det plasserer meg som lesar (eller lyttar) i ei observatørrolle, og eg må sjølv ta stilling til det som blir fortald. Dette er også med på å bygge opp spenning i boka og gjere Stormfulle høyder på lydbok til ei vellukka lyttaroppleving, til tross for den litt heseblesande lesemåten til innlesar Unni Jortveit. 

Full av optimisme, etter denne lydbokåpenbaringa, lastar eg ned Idioten av Dostovjevskij, eit langt meir ambisiøst og overmodig lydbokprosjekt. Eg har høyrd dei første 45 minutta fire gonger, og sovna kvar gong. Eg liker innlesinga betre i denne boka, så det kan hende eg kjem til å forsøke igjen, men då skal eg ikkje liggje med hovudet på mjukt underlag. Eg gav opp Idioten og lasta ned Seierherrene av Roy Jacobsen. Her har eg lytta meg fram til andre verdskrigen, men også her slit eg med at lydboklytting i og for seg er litt søvndyssande. Så dette er ei bok eg kjem til å lese ferdig, på normalt vis, i tekstutgåve. 

Nå er heldigvis både auger og hovud og leseevne på veg tilbake der det skal vere, og eg kan kose meg med bøker som eg pleier, medan eg venter på at kroppen skal bli heilt ferdig med å kvitte seg med dette rusket. 

Jul 16, 2011

Mr. Vertigo

Mr. Vertigo
Paul Auster
Faber and Faber Ltd. 1994
246 sider


I was twelve years old the first time I walked on water. The man i the black clothes taught me how to do it, and I´m not going to pretend I learned that trick overnight.
Slik begynner Mr. Vertigo av Paul Auster, forteljinga om den foreldrelause Walter, som blir berømd som Walt the Wonderboy. Som niåring blir han plukka opp på gata av Master Yehudi, ein ungarnsk jøde som har tatt til seg den funksjonshemma, svarte guten Aesop og bur saman med Mother Sioux, barnebarnet til Sitting Bull. Master Yehudi lover Walter at dersom han ikkje klarer å lære han å lette frå bakken innan han er tretten, skal Walter få lov til å hugge hovudet av han. Walter stoler blindt på Master Yehudi. For å lære å flyge, må Walter gå gjennom 33 trinn, kor fleire av dei minner om barnemishandling. Likevel lærer han seg å stole på Master Yehudi og utvikler eit avhengigheitsforhold til han. Etter fleire år med hardt arbeid, letter endeleg Walter frå bakken og etter endå meir trening, begynner han å reise rundt å halde forestillingar som Walt the Wonder Boy, guten som kan flyge, og han gjer stor suksess med showa i lufta. Men suksessen får ikkje vare livet ut: Walt det Wonderboy når puberteten og blir svimmel av å lette frå bakken.

Mr. Vertigo er ei spennande bok, full av dramatikk og action. Walter si livshistorie er ei reise i historien om Amerika i første halvdel av 1900-talet. Walter tar oss med gjennom depresjonen på den aude landsbygda i Midtvesten, til Chicago sitt mafiamiljø, vi får delta i showbiz i dei store byane og inn i den tørre ørkenen i Nevada. Det er nesten som på film:
If this was a movie, here´s where the calendar pages would start flying off the wall. We´d see them fluttering against a background of country roads and tumbleweed, and then the names of those towns would flash by as we followed the progress of the black Ford across a map of eastern Oklahoma. The music would be jaunty and full of bounce, a suncopated chug-chug to ape the noise of ringing cash registers. Shot would follow shot, each one melting into the other. Bushel baskets brimming with coins, roadside bungalows, clapping hands and stomping feet, open mouths, bug-eyed faces turned to the sky. The whole sequence would take about ten seconds, and by the time it was over, the story of that month would be known to every person in the theater. (s. 109)
Og fordi Paul Auster er ein slik dyktig forteljar, lar eg meg overbevise av den aldrande Walt si engasjerande, men samtidig så urealistiske og usannsynlege, forteljing om livet sitt. Walter utvikler seg som kunstnar, før han faller frå den store høgda han står på. Og dei refleksjonane han gjer seg om denne utviklinga, er sannsynlege og realistiske, og ikkje minst gode:
I was evolving into an artist, a true creator who performed as much for his own sake as for the sake of others. It was the unpredictability that exited me, the adventure of never knowing what was going to happen from one show to the next. If your only motive is to be loved, to ingratiate yourself with the crowd, you´re bound to fall into bad habits, and eventually the public will grow tired of you. You have to keep testing yourself, pushing your talent as hard as you can. You do it for yourself, but in the end it´s this struggle to do better that most endears you to your fans. That´s the paradox. People begin to sense that you´re taking risks for them. They´re allowed to share in the mystery, to participate in whatever nameless thing is driving you to do it, and once that happens, you´re no longer just a performer, you´re on the way to becomming a star. (s. 117).
Desse refleksjonane om kunstnaren si rolle og kunstnaren sin funksjon går igjen, både under oppturen til Walt the Wonder Boy og i Walter sine seinare tilbakeblikk over livet sitt. Dei er med på å løfte det som elles er ei moderne legende, eit eventyr eller ein fabel til noko meir. Både fordi dei er med på å gi Walter identitet, men ikkje minst fordi dei gir meg som lesar noko å tenke på. Spørsmåla om kva kunsten er og kva som er kunstnaren si rolle går stadig igjen, også i avslutninga av romanen:
Deep down, I don´t believe it takes any special talent for a person to lift himself off the ground and hover in the air. We all have it in us - every man, woman and child - and with enough hard work and concentration, every human being is capable of duplicating the feats I accomplished as Walt the Wonder Boy. You must learn to stop being yourself. That´s where it begins, and everything else follows from that. You must let yourself evaporate. Let your muscles go limp, breathe until you feel your soul pouring out out of you, and then shut your eyes. That´s how it´s done. The emptiness inside your body grows lighter that the air around you. Little by little, you begin to weigh less than nothing. You shut your eyes; you spread your arms; you let yourself evaporate. And then, little by little, you lift yourself off the ground.
Like so. (s. 244).
Walter sitt liv er ikkje bare den eventyrlege forteljinga om Walt the Wonderboy si utvikling til å bli ei stjerne, etterfulgt av fallet. Det er også ei forteljing om utvikling av kjærleik, tillit og lojalitet og om det saknet som brutale tap kan føre med seg. Det er ein annleis roman, ein roman som ikkje liknar på noko av det eg har lese tidlegare. Samtidig blir eg fanga av Auster si forteljing og av den gode forteljaren han er.

Jun 23, 2011

Never Let Me Go

Never Let Me Go
Kazuo Ishiguro
Faber and Faber, 2005.
282 sider.



Never Let Me Go er ei bok det er vanskeleg å skrive eit handlingsreferat frå. Ikkje fordi ho ikkje har handling, men fordi eit handlingsreferat vil avsløre for mykje. Boka handler om den 31-år gamle Kathy som fortel om oppveksta si. Til å begynne med, verkar det som ein vanleg oppvekstroman, men vi forstår raskt at oppveksta til Kathy og vennene Tommy og Ruth på pensjonatskulen Halisham er langt frå vanleg.

Kathy fortel, men ho forklarer ikkje lesaren det ho sjølv er innforstått med. Dermed blir det brukt mange ord og uttrykk som verkar uforståelege i starten. Eg trudde først eg hadde gått glipp av noko, og las dei første kapitla to gonger. Etterkvart skjønte eg at det skulle vere slik. Eg skulle ikkje forstå alt, før boka sjølv avslørte det. Mykje av spenninga i Never Let Me Go ligg dermed i denne meisterlege oppbygginga, kor lesaren gradvis forstår meir og meir.

Kontrasten mellom det idylliske livet på pensjonatskulen og skrekkvisjonen av eit samfunn som boka etterkvart viser seg å skildre er også sterk. Og dette er også med på å drive boka framover. Forteljinga om Kathy, Tommy og Ruth vekker sterke kjensler i meg, eg blir sint og eg blir redd. Og sjølv om eg heile tida er i den så godt fortalde historia, vekker boka også ein refleksjon rundt aktuelle etiske problemstillingar.

Never Let Me Go er verkeleg ei bok det er verdt å lese! Eg har funne ut at boka også er filmatisert, og eg merkar at eg er nysgjerrig på filmen. Eg trur eg kjem til å sjå han om ei stund.

Du kan lese meir om Never Let Me Go hos Bokmerker og Migrating Coconuts.

Jun 6, 2011

Elskeren av Marguerite Duras

Elskeren
Marguerite Duras
Originaltittel: L´amant. 1984
Omsett av Anne Riis
Gyldendal 2007
136 sider


Eg gløymde heilt å blogge Elskeren på dagen for blogging av første bok i 1001-bøker-samlesinga hos Lines Bibliotek. Ho skulle vore blogga 22. mai og eg begynte å skrive dette innlegget i god tid før det, men det blei ikkje gjort ferdig og så kokte det heilt bort i andre ting. Nå som eg skulle begynne å oppdatere meg på dei over 700 innlegga som ligg i google reader og venter på meg, kom eg på boka igjen.

Elskeren har eit vakkert og poetisk språk, som eg lar meg gripe av. Forteljinga om den 15 år gamle kvite jenta, som møter ein kinesisk millionær på ferga over Mekongfloden og innleier eit seksuelt forhold til denne voksne mannen, blir fortald gjennom den gamle kvinna sitt tilbakeblikk på livet. Dette er eit grep som gir ein oppstykka kronologi, og mange sprang i tid. Sjølv las eg boka i to lange jafs, noko som gjorde at eg ikkje blei forstyrra av dette. Eg trur at det er ei bok som bør lesast nokonlunde samanhengande. Heldigvis er romanen også kort nok, til at dette ikkje er eit problem.

Det som slår meg, med Elskeren, er at romanen er strippa for vurderande kommentarar frå forteljaren si side. Den gamle forteljarstemma seier ingenting om kor vidt ho angrar på forholdet til kinesaren, om det var godt for hennar personlege utvikling eller ikkje. Det er tydeleg at dette forholdet har prega den gamle dama som fortel. Innleiingsvis fortel ho om korleis ho som femtenåring slutta å vere vakker, og desse refleksjonane forstår eg som ei skildring av korleis forholdet til kinesaren har prega henne.

Elskeren er ei bok eg liker svært godt, både fordi framstillinga av handlinga er så annleis enn i andre romanar med liknande tematikk og fordi språket er så gripande.

Apr 27, 2011

1001 bøker du må lese før du døyr


Lista over 1001 bøker du må lese før du døyr, florerer for tida i bloggland. Etter å ha bladd gjennom lista, har eg funne ut to ting. For det første har eg lese svært få av desse bøkene. 36 av 1001 bøker, er allereide lesne. For det andre er det svært mange av desse bøkene eg har kjøpt inn med den intensjonen å lese, eller har på vil-lese-lista mi.

Derfor har eg gått saman med nokre venner, blant anna Ugla og Amylin, og avtalt å lese ei bok frå lista i månaden. Ikkje fordi slike lister nødvendigvis betyr så mykje, men fordi det er ein morsom måte å motivere seg til å komme gjennom klassiske verk ein lenge har tenkt på å skulle lese. Og som sagt er det jo svært mange av desse bøkene, eg allereide har planlagt å lese, på eit eller anna nivå.

Dagen etter at eg hadde avtalt med desse venninnene mine å lese frå lista, oppdaga eg at linesbibliotek har starta eit samlesingsprosjekt, med utgangspunkt i denne lista. Ho har sett opp bøker frå lista, som skal lesast og bloggast innan gitte datoar. Den første er Elskeren av Marguerite Duras, som skal bloggast innan 22. mai. Eg henger meg like gjerne på denne også, og slår dermed to fluer i eit smekk.