Showing posts with label Av Sigvart Dagsland. Show all posts
Showing posts with label Av Sigvart Dagsland. Show all posts

Aug 5, 2011

Å tenke framover

Fredag 22. juli skreiv eg at alle mine næraste var i god behold. Det stemde forsåvidt, men eg fekk etterkvart vite at ein ung mann på 21 år, som har betydd mykje for meg og fleire av mine venner, var blant dei sakna på Utøya. Det gjekk ei veke, så kom stadfestinga, først sa dei på radioen at det var samsvar mellom antall sakna og antall kroppar dei hadde funne. Så kom beskjeden frå familien, etterfulgd av namnelistene. Denne flotte ungdomspolitikaren, som hadde livet og framtida framføre seg var død.

Vi kan sjå tilbake på desse siste to vekene, på fleire ulike måtar. Vi kan diskutere kor vidt vi skal gi gjerningsmannen, han som ingen av oss forstår, mykje merksemd i media eller om vi skal protestere ved å snu avisbaksida fram i butikkane og forsøke å gløyme han. Vi kan diskutere innvandringsdebatten si form, både før og framover. Vi kan plassere skuld på miljø, tankeretningar og einskildpersonar. Vi kan diskutere om det er greit å vere anonym på nettet. Vi kan snakke om politihelikopter og reaksjonstid og ressursbruk innanfor beredskapsapparatet. Det finst nesten ingen grenser, for kva vi kan snakke om, i tida etter 22. juli.

Den alt for unge politikaren som blei gravlagt i går, hadde eit brennande engasjement for mangfold, mot diskriminering, og kanskje særleg for likskap i skulen og i kyrkja. Det skal vere rom for alle, både store og små grupperingar i heile samfunnet og i desse organisasjonane. Han hadde mange draumar om eit betre og meir inkluderande samfunn og han jobba aktivt for at mangfaldet i samfunnet vårt skulle vere ein ressurs og ikkje eit problem. Denne guten var unik, fordi han ikkje bare snakka. Han handla.

Alt har si tid, og sorgen over dei vi har mista vil vi bere med oss. Han kan vere der over lang tid, og vi må gi rom for han. Vi må ikkje bare avfeie sorgen. Men vi må ikkje gløyme kor vi mista dei. Vi mista dei, medan dei jobba for eit betre samfunn. Og mange har sagt dette før meg, og formulert det betre, men vi må ikkje la desse ungdommane sine draumar, ønsker og visjoner om eit betre samfunn døy med dei. Vi må la oss inspirere av engasjementet deira. Vi må finne eit svar på Gunnar Roalkvam sitt spørsmål, sunge og gjort kjende av Sigvart Dagsland:

Når eg ser at tunge skyer
trekke mørknå øve oss,
når eg ser de slibe kniver
og legge opp te det å sloss,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Når eg ser at någen stige,
mens de tråkke andre ner,
når eg ser at mange skjelve
og bøye av for det som skjer,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
hjelp oss samen
me som tror:
At møje kan me
hvis me vil det,
mens me vente
her på jord.

Når eg ser at drømmer bleikne,
og visjoner visne hen,
når eg ser at tvilen herske,
så lide tro me har igjen!
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Ka kan eg gjørr?
Eg e så...
Ka kan eg gjørr?
Eg e så....

Ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
hjelp oss samen
me som tror:
At møje kan me
hvis me vil det,
mens me vente
her på jord.

Når eg ser at tunge skyer
trekke mørknå øve oss,
når eg ser de slibe kniver
og legge opp te det å sloss,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?





Eg har eit ønske om at vi alle skal finne ut kva vi kan gjere. Og om at vi skal kunne la sorgen over dei som er borte gå over i handling.

Jun 20, 2010

Lyrikk på ein søndag - L


1. I litteraturteorien snakkar ein gjerne om den lingvistiske vendinga, ei vending som har grunnlag i sveitsaren Ferdinand de Saussure sitt arbeid. Saussure har saman med seinare lingvistar vist at språket er arbitrært og konvensjonsbestemd. Det vil seie at det ikkje er nokon samanheng mellom kva bokstavar eller lydar eit ord er bygga opp om, og betydninga til ordet. På same måte som som det ikkje er nokon samanheng mellom teiknet si "materielle" uttrykksside og teiknet si "andelege" innhaldsside, er det heller ikkje nokon samanheng mellom språk og verkelegheit. Dette har lagt grunnlag for ei rekke teoretiske retningar gjennom det 20. århundre, med dekonstruksjonen som i yttste konsekvens konkluderer med at det er inga samanheng mellom språk og verkelegheit, ergo kan ikkje språket seie noko om verkelegheita.

Dette er ei ganske grov forenkling av innhaldet i dei lingvistisk inspirerte litteraturteoriane, men likevel ei skisse. Kva tankar gjer du deg, om forhaldet mellom språk og verkelegheit?

2. Ordet lyrikk kjem frå det greske ordet lyros, eller lyre. Frå antikken og fram til rennessansen var lyrikkomgrepet knytta til sangbar diktning, og musikalsk framføring. (Etter Litteraturvitenskapelig leksikon s. 146). Det er først i moderne tid at lyrikk er blitt knytta til skriftleg diktning, men vi bruker jo framleis omgrepet lyrikk også om songtekstar. Presenter ein songtekst, som også fungerer som lesetekst.

3. Og så til den klassiske oppgåva, som kjem med kvar bokstav: Presenter eit dikt av ein diktar på L.

----------------------------------------

1. Eg trur samanhenga mellom språk og verkelegheit er undervurdert i moderne lyrikk. Lingvistikken si vektlegging av det arbitrære i relasjonen mellom teiknet sitt uttrykk og teiknet sitt innhald, har ført til at litteraturteorien har blitt litt blenda av all mangelen på samanheng, og gløymd å sjå på dei samanhengane som faktisk er. Men særleg i lyrikken er det mange eksempler på språk som blir brukt på ein slik måte at dei nettopp illustrerer samanhengen og likskapen mellom språk og verkelegheit. Eit velkjent eksempel på slik språkbruk, kor språket peikar på verkelegheita finn vi i diktet "Regn" av Obstfelder. Her brukar diktaren meiningslause lydar, som er dei same lydane som dei regnet verkeleg lagar. Dette er eit svært tydeleg eksempel, men vi finn andre og mindre eksplisitte eksempler på det same, i svært mange dikt, kor rimstruktur, ordlydar og rytme påverkar lesinga og gir assosiasjonar til verkelege fenomen utover dei tilfeldige samanhengane.

2.
Då eg var yngre var eg veldig glad i Sigvart Dagsland sine songar, og ein av dei "Se så lykkelige de e", gjorde sterkt inntrykk på meg då han var ny. Lenge hadde eg gløymd teksten, men for ikkje så lenge sidan begynte eg å nynne på denne songen igjen. Og teksten er verkeleg til ettertanke, og godt egna som lesetekst:

"Se så lykkelige"
Tekst og melodi: Sigvart Dagsland

På benken sidde den gamle mannen,
ein liden stond har han slått seg ner.
Hans blikk e klart og hans minner e mange...
Så mange år har rent ut i sanden
så mange ansikter glidd forbi
kan tidå blenda og ta te fange?

då ser han et par som går
så tett og hånd i hånd
og han drømme seg bort om kordan det sko vært;

Se så lykkelige de e',
han holle hånden og hu går med,
Se så lykkelige de e',
la meg oppleva lykken ein gang te...

Hånd i hånd går de rondt i parken,
blikket stivt retta framfor seg,
nå e det slutt, det gjekk bare nesten...
Hu slår øynene ner mod marken;
Det va'kje dette hu hadde tenkt,
den gang han kom på den kvide hesten...

Då ser de ein kar som går
med så lette og fine steg
og de drømme seg bort om kordan det sko vært;

Se så lykkelige han e',
han har framtiden foran seg,
Se så lykkelige han e',
la oss leva forventningsfullt...

Han drive rondt imellom trærne
han e i trøbbel heilt te knærne
og ser ingen veier ud.
Øynene flakke då han snur seg
og då ser han ein gammel mann
på ein benk, og då tenke han;

Se så lykkelige...
Se så lykkelige han e,
la meg arva han visdom.
Se så lykkelige han e
han e klok, vett ka livet e.
Se så lykkelige han e
la meg arva han visdom
la meg arva han visdom
og leva ein gang te.


3.
Eg held meg i sjangeren songtekstar, i dag, og vil gjerne presentere ein av Lars Lillo-Stenberg med det same. Eg liker tekstane hans, og eg liker dei særleg godt når dei blir sunge med den svært så karakteristiske stemma hans.

"Sveve over Byen"
av Lars Lillo-Stenberg

Hvis du er så trett av livet
At pent vær får deg til å sitte inne
Så vet jeg godt hvordan du har det
Det kunne vært meg

Hvis du ligger i sengen din
Og er sliten og trett fordi du må sove igjen
Så vet jeg godt hvordan du har det
Det kunne vært meg

Jeg ønsket å fly ned trappen og ut på gaten
Og opp i luften
Høyt over hus og trær
Jeg steg til værs og så ned på byen

Så håpet jeg å se at mitt eget liv
Var uten særlig verdi
Og hvis det var så kunne jeg
Sveve og bli fri

Jeg ønsket å fly ned trappen og ut på gaten
Og opp i luften
Høyt over hus og trær
Jeg steg til værs og så ned på byen