Jun 26, 2008

Frode Grytten

Rom ved havet, rom i byen
Det norske samlaget 2008
188 sider




Dette er ei novellesamling med ti noveller inspirert av ti bilete av Edward Hopper. Sidan novellene er basert på bileta, vil eg ikkje anbefale å lese pocketutgåva, som manglar bilete, men å heller få tak i den innbundne utgåva. Eg las pocketutgåva, og ein mister mykje av inntrykket ein får dersom ein ser bileta saman med novella. Det einaste biletet som er i pocketutgåva er framsidebiletet. Den novella som høyrer til biletet på framsida blei ei litt annleis lesaroppleving enn dei utan bileter.

Men novellene er gode. Frode Grytten skuffar ikkje. Dei handlar om mennesker som står oppi ein situasjon der dei må velje kor vidt dei skal fortsette å vere i eit forhald eller ikkje. Alle novellene gir ulike skildringar, og heilheten blir veldig fin.

Eg anbefaler denne boka.