Showing posts with label Bøker eg har gitt opp å lese. Show all posts
Showing posts with label Bøker eg har gitt opp å lese. Show all posts

Feb 6, 2010

Krim i vintermørket

Dei siste vekene har eg bare hatt eit krav til det eg har lese, at det skal vere spennande nok handling til at det held meg meir engasjert enn å sjå på TV. Eg har sove dårleg, og dei søvnlause nettene stiller krav til underhaldning samtidig som dei svekkar konsentrasjonen. Dermed har det blitt ein del krim. Eg er ein periode-krimlesar. I periodar sluker eg krim, også blir eg mett og avskyr det. Men 1-2 gonger i året, kjem eg inn i slike krimsluke-periodar. Og det er eigentleg passeleg, for min del. Desse periodane heng ofte saman med at eg er sliten og ikkje orkar å bruke så mykje krefter på å fordøye anna lesestoff.


Johan Theorin er ein veldig fin forfattar. Dette er "snill" krim, kor etterforskning og oppklaring står i fokus, framfør action og spenning. Eg liker det. Språket er også sterkt, og spenningskurva er god og karakterskildringane er sterke, sjølv om dei tenderer mot stereotype innimellom. Det er med andre ord alt ein kan forvente av ein kriminalroman, og ho er absolutt på høgde med dei gode gamle britane.

Hovudpersonane er Gerlof Davidsson, den gamle mannen som bur på gamleheim og dottera Julia som kjem til Öland etter at faren har fått ein sandal i posten. På 60-talet forsvann nemleg sonen til Julia i tåka, og Julia har aldri godteke forklaringa om at han sannsynlegvis har drukna. Dette har prega livet hennar, og ho slit med psykisk sjukdom og tendensar til alkoholisme. Dei nøster opp i gamle hendingar og finn svaret på kva som eigentleg skjedde med Jens, den dagen då heile øya var full av tåke.

Boka er godt egna til å lesast frittståande.





Karin Fossum har også ei språkleg styrke, og god psykologisk innsikt.

I denne Den som elsker noe annet blir vesle Jonas August funne drept i skogen, utan den raude shortsen han hadde på seg då han gjekk. Conrad Sejer forsøker å spore opp overgriparen, medan ein anna gutt forsvinn. Er det ein samanheng mellom desse to sakene, eller er det ikkje det?

Vi følgjer både etterforskarane, paret som fann Jonas August og overgriparen sine forteljingar parallelt, noko som delvis fungerer, sjølv om paret som fann Jonas August i skogen kanskje blir litt i overkant stereotypt. Likevel gir denne forteljarteknikken, og særleg skildringane til overgiparen boka eit svært ubehagelig og samtidig gripande preg.

Dette er ikkje bare god underhaldning ei søvnlaus natt, men også ei bok til ettertanke, nettopp om Den som elsker noe annet.


Eg har høyrt mykje godt om Arnaldur Indridason, og boka Vinterbyen har forsåvidt høg kvalitet og skil seg frå anna nordisk krim. Men eg fekk ei kjensle av å ha gått glipp av forhistoria om etterforskaren Erlendur, familien hans og resten av etterforskningsteamet. Det hender det lønner seg å lese bøker i rett rekkefølgje.

Halvt islandske og halvt thailandske Elias blir funne drepen i snøen utføre blokka der han bur saman med si thailandske mor og halvbror sin. Halvbroren forsvinn, og er utilgjengeleg for intervju, og etterforskningsteamet viklar seg ut og inn av stadige villspor, før dei til slutt, ved ei tilfeldigheit kjem på sporet av gjerningsmannen.

Dette er litt under middels god underhaldning, som kanskje ville vore betre om eg hadde begynt på begynnelsen av serien.



Solstorm er den siste boka eg har lese dei siste vekene. Her blir ein framståande person i ein frikyrkjeleg forsamling myrda og det heile ser rituelt ut. Søstera hans blir ettersøkt, og ho kontakter si barndomsvenninne Rebekka, som er ein vellykka skatterettsadvokat i Stockholm. Noko motvilleg reiser Rebekka nordover for å hjelpe venninna, men møtet med den sekteriske forsamlinga blir tøft for henne, og mange vonde barndomsminne straumer på.

Utover det at handlinga er spennande, synest eg skildringa av det konservative miljøet i forsamlinga, kor Rebekka veks opp er særlig interessant i denne boka. Eg har sjølv flytta frå eit konservativt bedehusmiljø, og kjenner at denne tematikken interesserer meg.







Til slutt må eg ta med boka eg begynte på idet eg var i ferd med å bli mett på krim. Så Tokyo ligg halvlesen under nattbordet mitt, og skal få reise tilbake til biblioteket i den tilstanden.

Grey meiner at ho har lese ein artikkel i eit tidsskrift, som seinare har blitt borte, om noko som skjedde i Manchuria under andre verdskrigen. Ho reiser til Tokyo, utan pengar, for å motbevise at ho er galen, og for å få svar på dette. Her møter ho den motvillige professoren som ikkje ønsker å prate med henne, og etter hundreogfemti sider med pågåande student og motvillig professor, kjende eg at det var nok spenningsromanar for ei stund og la bort boka.

Jun 13, 2009

Bøker eg har gitt opp

Den siste veka har eg begynt på to bøker eg har gitt opp å lese. Begge bøkene har eg lagt bort av same grunn; eg klarer ikkje la meg engasjere i hovudpersonane.

Forrige helg begynte eg å lese Foxfire av Joyce Carol Oates.

Foxfire handlar om ei gruppe jenter som dannar ein gjeng, Foxfire, for å ta hevn over det mannsdominerte samfunnet. Boka er ei retrospektiv forteljing, fortald av ei av desse fem jentene. Forteljaren er delvis den voksne som ser tilbake på ungdomstida og delvis tenåringsjenta som fortel her og nå. Forteljinga vekslar mellom første og tredje person på ein lite vellukka måte. Desse forteljartekniske spranga kunne ha gitt ein spennande effekt, men denne gongen synest eg rett og slett at det fungerer såpass dårleg, at det bare blir slitsomt å lese. Eg kjenner at eg burde la meg engasjere av desse jentene, men eg klarer det rett og slett ikkje. På side 65 syntest eg det var nok.

Sidan den litterære reisa i "Jorda rundt på 8 bøker" skulle gå til midtausten denne månaden, hadde eg tenkt å lese Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, som eg har hatt ståande i bokhylla ganske lenge.

For to år sidan las eg The Kite Runner, ei bok eg ikkje hadde planlagt å lese, men som eg endte opp med å lese likevel, fordi eg var på ferie og mangla lesestoff. Med dette utgangspunktet blei eg veldig positivt overraska over den rørande og varme forteljinga om den vesle guten i Kabul. Dette har også gitt meg høgare forventningar til Tusen strålende soler.

Den første delen av boka handlar om Mariam som 15 år gammal mister mora og blir gifta bort til ein 45 år gammal mann, med stygge hender i tida før 1978. Del to handlar om Laila, dottera til den radikale læraren som mista jobben då kommunistane inntok Afghanistan og søstera til to guttar som døyr i krigen. På baksida av boka står det at desse to "blir allierte i kampen mot en brutal ektemann og et krigersk, kvinneundertrykkende samfunn."

Eg kom til side 148, og innan då rakk eg bli så kvalm av det klisjefyllte språket at eg innsåg at eg orkar ikkje lese 200 sider til med dette. Laila sitt forhold til mora blir for eksempel skildra slik:
"Hun kom aldri til å sette merke i Mammis hjerte slik som brødrene hennes, for Mammis hjerte var som en blek strand der Lailas fotspor alltid kom til å bli skyllet bort av de sorgtunge bølgene som steg og sank, steg og sank." (s. 148) Dette sitatet er dessverre representativt for språket i boka.

Boka er kritikkarrost og berømma fordi det er ei viktig bok som viser fram kvinnene si stilling i Afghanistan. Khaled Hosseini har nådd eit enormt stort publikum med denne boka, og han har vist fram det som er bak burkaen til nokre av kvinnene i Afghanistan. Og det er viktig. Men eg orkar ikkje lese bøker, når eg irriterer meg over språket. Og i dette tilfellet er språket så platt at det rett og slett blei nok.

I dag skal eg ta ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i den boka eg eigentleg hadde tenkt å lese frå Midtausten denne månaden, nemlig A woman in Jerusalem av Abraham B. Yehoshua.