
Hovudpersonane er Gerlof Davidsson, den gamle mannen som bur på gamleheim og dottera Julia som kjem til Öland etter at faren har fått ein sandal i posten. På 60-talet forsvann nemleg sonen til Julia i tåka, og Julia har aldri godteke forklaringa om at han sannsynlegvis har drukna. Dette har prega livet hennar, og ho slit med psykisk sjukdom og tendensar til alkoholisme. Dei nøster opp i gamle hendingar og finn svaret på kva som eigentleg skjedde med Jens, den dagen då heile øya var full av tåke.
Boka er godt egna til å lesast frittståande.

I denne Den som elsker noe annet blir vesle Jonas August funne drept i skogen, utan den raude shortsen han hadde på seg då han gjekk. Conrad Sejer forsøker å spore opp overgriparen, medan ein anna gutt forsvinn. Er det ein samanheng mellom desse to sakene, eller er det ikkje det?
Vi følgjer både etterforskarane, paret som fann Jonas August og overgriparen sine forteljingar parallelt, noko som delvis fungerer, sjølv om paret som fann Jonas August i skogen kanskje blir litt i overkant stereotypt. Likevel gir denne forteljarteknikken, og særleg skildringane til overgiparen boka eit svært ubehagelig og samtidig gripande preg.
Dette er ikkje bare god underhaldning ei søvnlaus natt, men også ei bok til ettertanke, nettopp om Den som elsker noe annet.

Halvt islandske og halvt thailandske Elias blir funne drepen i snøen utføre blokka der han bur saman med si thailandske mor og halvbror sin. Halvbroren forsvinn, og er utilgjengeleg for intervju, og etterforskningsteamet viklar seg ut og inn av stadige villspor, før dei til slutt, ved ei tilfeldigheit kjem på sporet av gjerningsmannen.
Dette er litt under middels god underhaldning, som kanskje ville vore betre om eg hadde begynt på begynnelsen av serien.

Utover det at handlinga er spennande, synest eg skildringa av det konservative miljøet i forsamlinga, kor Rebekka veks opp er særlig interessant i denne boka. Eg har sjølv flytta frå eit konservativt bedehusmiljø, og kjenner at denne tematikken interesserer meg.

Grey meiner at ho har lese ein artikkel i eit tidsskrift, som seinare har blitt borte, om noko som skjedde i Manchuria under andre verdskrigen. Ho reiser til Tokyo, utan pengar, for å motbevise at ho er galen, og for å få svar på dette. Her møter ho den motvillige professoren som ikkje ønsker å prate med henne, og etter hundreogfemti sider med pågåande student og motvillig professor, kjende eg at det var nok spenningsromanar for ei stund og la bort boka.
3 comments:
Jeg holder på med Åsa Larsson nå, den siste. Synes hun skriver veldig bra, litt mer litterært enn andre krimforfattere. Jeg syntes også at miljøet i Solstorm var spennende å lese om. I sin andre bok skriver hun også om en prest som blir drept, men denne gangen er det en kvinnelig, radikal statskirkeprest. Hun må ha en eller annen slags bakgrunn i et kristent miljø, tenker jeg, for å kunne skildre grupperingene så godt og ganske nyansert.
Eg var også overraska over kor lite stereotype skildringane av dette frikyrkjelege miljøet var, samanlikna med anna krim. Eg er enig med deg i at det verkar som om forfattaren har god innsikt i og forståing for dette miljøet. Miljøskildringane er liksom respektfulle, sjølv om dei innheld sterk kritikk av det miljøet som blir skildra. Og det er absolutt ei styrke.
Etter denne kommentaren frå deg, trur eg eg vil lese meir av Larsson.
Ja, gjør det:) Jeg synes beskrivelsene av Kiruna, det nordlige, fraflyttede, litt barske, er så fint beskrevet i bøkene hennes også.
Post a Comment