Eg held på med ei bok eg har hatt høge forventningar til.
Eg liker ho ikkje.
Eg vil gjerne like ho, men eg liker ho ikkje.
Ho har eit monotont og repetitivt preg, og etter 80 sider lurer eg på om eg skal lese dei siste 100 sidene. Det kan jo hende ho tek seg opp, kan det ikkje?
Det er langt frå sikkert at ho tek seg opp. Og eg har jo så mykje anna eg heller vil lese.
Men dersom ho tek seg opp, kan det jo hende at eg går glipp av noko.
Har eg gitt boka ein fair sjanse, når eg har lese 80 sider og synest ho blir meir og meir kjedeleg?
Eg har fått The Blindfold av Siri Hustvedt i posten. Den har eg gleda meg til lenge, og eg har begynt på ho, sjølv om eg ikkje er ferdig med den andre boka eg les. I dag fekk eg også e-post frå biblioteket om at Thomas J. R. Marthinsen si debutbok Du ligg og ventar på meg. Den har eg også gleda meg til å lese. Eg vil mykje heller bruke tid på desse to, enn på denne kjedelege boka som eg har komme til side 80 i.
Eg prøver å seie til meg sjølv at det ikkje er nødvendig å lese ferdig bøker eg ikkje liker. Og eg har blitt flinkare til å leggje bort bøker eg ikkje liker. Men likevel er det som om eg djupast inni meg har eit behov for å lese ferdig, for å vere heilt sikker.
Det kan jo hende eg tar feil.
Det kan jo hende boka blir betre mot slutten.
Det kan jo hende eg ikkje liker boka, fordi eg ikkje har skjønt ho heilt.
Samtidig er det så mykje eg så gjerne vil lese, og eg kjem jo aldri gjennom listene mine. Dei som bare blir lengre og lengre. Eg vil jo ikkje kaste bort den verdifulle lesetida mi, på bøker som eg ikkje liker å lese.
9 comments:
Hva med å legge den bort en stund for så å forsøke på nytt igjen senere? Føler du fortsatt det samme så legg den bort. Det finnes for mange gode bøker der ute til å kaste bort tiden på en bok som ikke fenger deg :)
Jeg blir selvfølgelig sprekkferdig av nysgjerrighet: Hvilken bok snakker du om?
Eg har late vere å skrive kva for ei bok det er, med vilje - av to grunnar: For det første ville eg skrive eit generelt blogginnlegg om denne blanda kjensla av forplikting til å lese ferdig (kor kjem denne kjensla frå, uansett?) og lyst til å gi opp boka, framføre å diskutere denne boka. For det andre er det urimeleg ovafor forfattaren av boka å kritisere boka utan å begrunne det ytterlegare, noko som ville gitt boka større plass i innlegget enn desse refleksjonane eg ville leggje hovudvekta på.
Jeg leser alltid ferdig - har vel kun skjedd et par ganger at jeg har gitt opp - men da føler jeg heller ikke at jeg har lest boka.
- og leser jeg ikke til siste side kan jeg heller ikke slenge rundt dypheter som:
- jeg har lest den og den var elendig
- æsj
- eller skrive lange blogginnlegg om hvor dårlig jeg likte den.
(jeg ser også dårlige filmer :-)
Om en bok ikke har fanget deg etter 80 sider (det bør selvsagt skje lenge før), vil den sannsynligvis aldri fenge deg, tenker jeg. Altså, glem den boken!
Jeg sier meg enig med Thauke2, om boka ikke fenger når du er på side 80 så vil den mest sannsynlig ikke gjøre det i det hele tatt. Men jeg skjønner også hva du mener, har hatt det slik selv flere ganger. Kanskje har jeg hørt fra andre at boka er bra og tenker at "den tar seg sikkert opp etterhvert", eller "kanskje jeg har misforstått noe?". Vel, jeg er en utålmodig person og klarer ikke å kaste bort masse tid på å lese ei bok jeg ikke liker, så jeg har ingen betenkeligheter med å legge den til side.
Du har vel ikke dårlig samvittighet overfor boka? :)
Jeg hadde som nyttårsforsett i år å ikke lese bøker jeg ikke faller for. Men hvor mye jeg leser av dem, det varierer. Har nok likevel blitt flinkere til å stoppe!
Du har rett, SynneM i at det er lite vits i å ha dårleg samvit ovafor boka. Samtidig kjennest det ikkje som om eg kan seie at eg ikkje likte ho, viss eg ikkje har lese ho ferdig, slik Ingalill seier. Sjølv om det er lite sannsynleg at ho tek seg opp. Eg har jo så mykje anna eg vil bruke lesetida mi på.
Likevel er det aldri lett å legge bort ei bok. Og eg kjem nok ikkje slutte å undre meg over denne kjensla av forplikting ovafor boka. Det er ei underleg kjensle.
Post a Comment