Feb 5, 2010

Her er eg

Her er igjen, etter ein drøy månads bloggefri. Eg har hatt mykje eg burde gjere den siste månaden, samtidig som eg har gått og hangla og vore småsjuk, utan heilt å klare å ta meg tid til å vere småsjuk med godt samvit. Det var vanskeleg å finne motivasjon til å blogge, og eg kjente at bloggen blei liggjande som ein av mange burde-byrder. Det skal jo vere kjekt å blogge, det er derfor eg gjer det. Og når pliktkjensla blir større enn lysta, betyr det at det kan vere godt med ein pause. Og pausen har vore god. Nå er motivasjonen tilbake, og eg håper at han blir hos meg ei stund.

Medan eg har hatt pause, har eg fått ein award av ikkje mindre enn to lesarar. Tusen takk, Thauke2 og Ingrid. Besøk gjerne desse to, dei synest eg er ein kreativ bloggar, sjølv når eg bare sitt her og ikkje gjer nokon ting. Dette gjorde det ekstra kjekt å komme tilbake etter pausen min.


Eg skal visst fortelje 7 ting om meg sjølv. Slikt synest eg alltid er litt vanskeleg. Det skal jo helst vere litt interessant og litt ved sida av det eg vanlegvis skriv om. Men eg gjer eit forsøk.

  1. Eg er 28 år gammal, har vore gift i 2,5 år men har ingen barn. I studentmiljøet på Blindern er eg sær som har gifta meg så ung, men når eg snakkar med folk frå heimbyen min, Sandnes, er eg sær som gifta meg så seint og ikkje har ungar endå.
  2. Eg liker å lese bøker, fordi det gir meg ei kjensle av fridom, anten eg les på sengekanten om morgonen eller om eg les til eit glas rødvin kvelden før ein fridag, gir det meg ei kjensle av fridom å forsvinne inn i ei anna verkelegheit nokre timar.
  3. Eg er eit rotehovud av ei anna verd, men likevel besatt av å alfabetisere samlingar. Bøker, CD-plater og filmar skal organiserast alfabetisk etter forfattar, artist og regissør. Resten av heimen er det ikkje så farleg med.
  4. Eg er glad i å lage lister, og lager stadig lister over ting. Bøker eg vil lese, ting eg vil strikke, filmar eg vil sjå, også vidare. Men så når det kjem til stykket, følgjer eg ikkje desse listene likevel.
  5. Eg synest 7 ting er frykteleg mykje, så eg gir meg her, etter å ha tenkt på dette i heile dag. Det er ikkje så lett å komme på 7 ting om meg sjølv, sånn på kommando.
Eg skal visst gi denne vidare til 7 stykker, men eg ser jo at dei fleste bloggane eg les har fått denne. Og at det eigentleg er ein månad sidan han blei sendt rundt, så sidan eg er så treig, hopper eg over dette punktet. Eg viser heller bare til lista mi nedi venstre hjørnet av bloggen, kor dei fleste bloggane eg abonnerer på står lista opp (det er bare dei 10 sist oppdaterte som viser).

Nå har eg fleire tusen postar eg skal bla gjennom i Google-reader!

No comments: