Feb 6, 2010

Resten av 2009

Her om dagen fekk eg eit spørsmål om eg kunne anbefale norske bøker frå 2009. Eller, det var formulert "Jeg har fått med meg Knausgård, men hva annet kan man lese?"

Eg merka at det var vanskeleg å komme på bøker frå 2009 som eg kunne anbefale vidare. Utanom Knausgård, då, som eg anbefaler på det varmaste. Eg har lese Rust av Pedro Carmona-Alvarez, men den anbefaler eg eigentleg ikkje vidare. Også har eg lese På vegne av venner av Kristoffer Schou, (som eg ikkje har rukke å blogge om), ei sterk og rørande bok eg anbefaler så sterkt at eg til og med ga henne i julegave. Men det var dei to norske bøkene frå 2009 eg klarte å komme på. Og etter å ha tenkt meg om i nokre dagar, kjem eg framleis ikkje på fleire.

Det skal eg gjer noko med, så i dag har eg vore på biblioteket og lånt Tang av Bjarte Samuelsen og Terje Thorsens Dikt fra en nonne. I tillegg har eg reservert bloggaren Thomas J. R. Marthinsens debutbok Du (som strengt tatt er frå 2010) og bloggaren Bergljot Nordal si Magda. Dei er begge debutantar, som eg har store forventningar til. Det er ekstra spennande å lese bøker kor forfattaren ikkje bare er eit namn, men også ei stemme i bloggsfæra som eg "kjenner".

For det er pinleg å ikkje klare å komme på meir enn ei god norsk bok, frå fjoråret. Det må eg gjere noko med. For eg trur at 2009 er langt meir enn Knausgård. Eg trur det må vere noko leseverdig, blant resten, også.

5 comments:

Beatelill said...

Jeg har lest flere gode norske bøker fra 2009. Den aller beste syns jeg var "Vidunderbarn" av Roy Jacobsen. Ellers likte jeg veldig godt disse to bøkene: "Den du ringer kan ikke nås for øyeblikket" av Lena Niemi, og "Der lyset slipper inn" av Gabriel Moro.

torbjørn hauken said...

Kjedeleg at du har vore ute av form, men kjekt at du er på bloggen igjen.

Eg er einig med Beatelill med omsyn til at 'Vidunderbarn' er god,utan at eg vil prøve å rangere ho - eller andre. To andre gode, norske romanar frå i fjor som eg har lese er 'Grense Jakobselv' av Kjartan Fløgstad og 'Opp Oridongo' av Ingvar Ambjørnsen.
Ut frå tidlegare leseopplevingar, trur eg bestemt at dei nyaste romanane til Marstein, Ørstavik, Risa, Espedal og Solstad og er lesverdige, Solstad har eg på vent (julegåve) - og eg trur eg vil lese han før neste av Knausgård, for å seie som sant er. (Du har kanskje sett det noko reserverte innlegget mitt om MK2?)
Såg forresten at ein debutant i fjor gav ut under namnet Mina Bai.
Eg finn det vanskeleg å tru at du har brukt bloggarnamnet ditt i ein slik samanheng, men morsomt var det!

Ingrid said...

Nu fick jag många goda boktips! Det tackar jag för. Jag är så glad att du är tillbaka i bloggandet igen Bai!

Thomas said...

Det blir spennende å se hva du synes om 'Du' når du får tak i den! Når det gjelder gode bøker fra i fjor, gode norske, må jeg henge meg på det thauke2 sier: Ambjørnsen, Ørstavik, Marstein. Og jeg vil legge til "På vegne av venner" av Kristopher Schau, selv om den strengt tatt er et slags essay. Og Tore Rems biografi om Jens Bjørneboe er også høyst leseverdig.

Bai said...

Takk for mange gode tips. Niemi las eg om, då ho kom og tenkte at eg skulle lese, men den hadde eg gløymd nå. Vidunderbarn har eg også planlagt å lese, men eg tenkte eg skulle lese Seierherrene først. Marstein hadde eg jo også eigentleg notert. Tenk at eg kunne gløyme alle desse. Eg har ei kjensle av at heile 2009 og drukna litt i Knausgård.

Elles var det fleire andre spennande forslag her. Takk for gode tips.

Thomas, etter å ha lese bloggen din har eg høge forventningar til Du

Thauke2, eg kjenner ikkje til denne Mina Bai, men eg måtte jo søke då eg las kommentaren din. Mitt nick er rett og slett forbokstavane i namnet eg hadde før eg gifta meg.

Ingrid, tusen takk for hyggeleg helsing! Det er kjekt å vere tilbake igjen også.