Feb 28, 2010

Leik med bloggdesign

Eg har oppgradert bloggen min. Sidan eg ikkje bloggar mange bilete og illustrasjonar, har den heilt kvite minima-templaten blitt litt kjedeleg. I kveld sette eg med ned og forsøkte å leike med bloggdesign, for å sjå om eg kunne finne fram til eit litt meir fresh uttrykk. Og eg har nå funne ein template på Blogger Templates som fungerer godt.

Det er framleis ganske mange småting eg ikkje har funne utav, men ein blir ikkje verdsmester eller bloggdesignar over natta, heller. Så det blir nok litt meir fikling og flikking framover. Eg må forresten finne ut korleis eg skal logge meg på, nå som baren på toppen er borte.

I tillegg til ny bakgrunn har eg oppdater lenkelista mi. Så nå har eg oversikt over alle dei bokrelaterte bloggane eg følgjer i google reader, i margen her. Her er det mykje spennande, så eg anbefaler deg å bla gjennom lista. Eg vekslar litt mellom kva eg liker best, når det kjem til slike lister. Eg liker eigentleg dei listene kor ein kan sjå tittelen og ingressen på siste innlegget. Dei tar veldig stor plass, så den seinaste tida har eg hatt ein bloggfeed med bilete, tittel og ingress på dei siste 10 oppdaterte bloggane. Men det er mange som fell ut av ein slik 10-siste. Så nå forsøker eg meg med ei alfabetisk liste over alt eg les. Ulempa med denne er at ho må oppdaterast og vedlikehaldast. Men det bør eg kunne klare.

Eg tar gjerne imot både positive og negative tilbakemeldingar på den nye lay-outen. Er han lesarvennleg?

Edit: Retta opp potensiell misforståing.

15 comments:

Beatelill said...

Kjempeflott design :) Det friska opp veldig. Jeg har også styrt litt med å friske opp bloggen i helga, er også fornøyd med resultatet mitt. Er nok ikke like flink som deg, for jeg har nemlig fått mitt design fra andre.

Bai said...

Hjelp - eg ville jo ikkje gi uttrykk for at eg hadde designa heile greia sjølv, men eg såg jo at det kunne misforståast. Eg har brukt ein template, og for å ikkje ta æra sjølv har eg redigert innlegget mitt og pressisert dette.

Beatelill said...

Hehe, ja det kunne lett misforståes... men så er det jo sent på natt og kanskje jeg er litt trøtt og ikke får med meg alt. Uansett var det et flott design.

Bai said...

For all del - eg eg bare glad for at du kommenterte på ein slik måte at eg såg det sjølv. Då fekk eg pressisert det, før eg rakk lyge på meg eit rykte som webdesignar framføre heile bloggsfæra! Takk for det. Eg får jo ikkje til å få fram datoane her, ein gong - trur ikkje eg hadde klart å lage dette sjølv, nei.

Eg er einig i at det er fint. Eg har leita gjennom maler ei tid nå, før eg fann noko eg verkeleg likte. Men der stoppar også eigeninnsatsen.

torbjørn hauken said...

Det var litt av ei endring! Eg synest framleis, som meldt tiligare, st du hadde ein flott, reinskåren blogg. No synest eg det blir mykje fargar og detaljar i eit bilete. Men det viktige er jo at du er nøgd sjølv!

Bai said...

Det er notert, Thauke.

Eg likte også godt den enkle lay-outen ganske lenge. Heilt til han plutseleg blei veldig kjedeleg. Eg er liksom litt meir fargerik av meg eigentleg. Men eg har lagra han, og kan hente han fram igjen når og viss denne blir for crazy.

Ingrid said...

Jag tycker att din nya design är trevlig. Väldigt annorlunda. Omväxling förnöjer.

Irene said...

Flott utseendet på bloggen din!!

Stine Marie said...

Finfint design! Veldig leservennlig :)

Ugla said...

Kul design :-)

kristin said...

Stilig!

Bai said...

Takk for hyggelege tilbakemeldingar. Eg begynner å vende meg til det sjølv, og kjenner at eg liker det betre og betre sjølv.

Anita said...

Stilig med nytt design :)

Nalina said...

Hei! Kom over bloggen din gjennom venners venners venners blogg :) Synes templaten din var superfin så jeg lastet den ned selv, men nå finner jeg ikke igjen noen ting! Jeg finner ikke innstillinger eller noe som helst. Er det navbar det heter kanskje..? Vet du hva som har gått galt, og hvordan men fikser det..?

Nalina said...

Doing! Smart! Takk for hjelpen! :)