Påskeparaden
Originaltittel: The Easter Parade
Omsett av Agnethe Øye
218 sider
Oktober - 2010

Inspirert av Ingrids boktankar har eg fått lyst til å lese Richard Yates. Og sist eg var på biblioteket fann eg den nyleg omsette Påskeparaden i hylla. Den første setningen i boka er:
Ingen av Grimes-søstrene skulle få et lykkelig liv.Også får vi følgje søstrene Sarah og Emliy Grimes, frå oppveksta på 1930-talet saman med den smånevrotiske mora Pookie, som stadig flytter til ein ny og betre bustad, slik at søstrene ikkje får slå seg til ro nokon plass. Faren skriv overskrifter i The Sun, og er den store helten til jentene, men dei treffer han sjeldan. Sarah gifter seg med ein semibritisk "gentlemann", og flytter til eit herskapshus på ein plass utafor allfarvei, kor ho lever livet som husfrue og mor til tre gutar bak ei flott fasade. Emily får eit stipend, studerer engelsk og blir intellektuell. Ho slår seg ikkje til ro med nokon mann, men går frå det eine forhaldet til det andre, og finn heller aldri nokon jobb ho slår seg til ro i, i New York.
Dette er ei velskriven bok om liva til dei to kvinnene. Eg blir oppslukt av boka, lever meg inn i denne realistiske fortellinga og får sterk sympati for søstrene. Samtidig lar Yates sin skrivemåte meg halde ei viss distanse til desse kvinnene, gjennom den tidvis gode ironien som blir bygga opp i teksten. Påskeparaden er både trist og tragisk, og samtidig full av humoristiske skildringar.
Takk til Ingrid, som introduserte Yates for meg.