Jan 11, 2010

Godt nytt år - i seinaste laget

Det er på tide å få lagt inn ei nyttårshelsing, her sjølv om vi allereide nærmar oss midten av januar. Eg har hatt ein god og roleg ferie, slappa av og lese fleire gode bøker som kjem til å få ei omtale her etterkvart som motivasjonen og inspirasjonen dukkar opp.

Sidan sist har eg blitt rørt av Kristoffer Shcous På vegne av venner, nytt Helle Helle sitt fantastiske språk i Rødby-Puttgarden og ikkje minst, latt meg oppsluke av det spenningsfyllte forhaldet mellom Bella og Edward i Twilight (eg som sa at desse vampyrgreiene ikkje var mi greie... så feil kan ein ta).

Nå er eg tilbake framføre pc-skjermen, og tar i eit siste krafttak for å bli ferdig med masteroppgåva mi. Om kveldane slappar eg av med Johan Theorins Skumringstimen, noko så sjeldant som ei krimbok frå 2000-talet kor sjølve mysteriet og oppklaringa av dette står i fokus, framføre denne actionfilm-aktige dramatikken som moderne krimforfattarar stadig skal øydeleggje bøkene sine med. Denne svensken har skrive ei ei "god, gammaldags" krimbok frå Öland, med eit slags britisk preg. Eg las Nattefokk i sommar, og likte han godt.

Det blir sikkert ikkje så tett mellom oppdateringane, dei næraste vekene, sidan eg har mykje anna som må prioriterast. Men eg har framleis mykje på hjarta, så eg blir ikkje borte.

6 comments:

Lille søster said...

Godt nytt år! Og lykke til med alt som må gjerast!

Ingrid said...

Gott Nytt År, säger även jag. Helle Helles bok tyckte jag också väldigt mycket om- hon kan verkligen få det vardagliga mycket spännande!

thauke2 said...

Godt år fortsatt, kjekt at du er tilbake i bloggarland - og tvi,tvi med alt som gjerast skal!

Bai said...

Takk for det, alle saman!

Ingrid said...

Jag har gett dig en "award" på min blogg!

thauke2 said...

Ser at du allerede har fått pris, du få okke som en av meg også, jamfør bloggen min (når du får tid og anledning)