Versal Forlag 2008
275 sider
Dette er ei av dei bøkene eg hadde gløymd å avbestille i bokklubben denne hausten. Eg hadde sett på ho i bokhandelen, tatt i ho fordi eg la merke til denne vesle boka som låg på bordet i bokhandelen, men eigentleg ikkje tenkt på å kjøpe boka. I bokhandelen tenkte eg at eg liker framsida og formatet på denne boka, for boka er 13x18 cm, som eit middels stort bilete. Og det er det boka er. Meg eier ingen er eit bilete av ein oppvekst på 70-talet i Sverige. Boka er eit bilete av det å vere ei lita jente som bur i ei blokkleiligheit saman med ein far som er alkoholikar og jobbar på metallverket. På baksida av boka står det
"Meg eier ingen er Åsa Linderborgs fortelling om dyp kjærlighet til en Pappa som hun samtidig skammet seg over, og om klassetilhørighet og alkoholens makt."
Fordomsfull som eg er, hadde eg forventa ei sentimental suppe av følerier og betraktningar om einsemd og sakn, draumar og lengsler. Og det var vel fordi eg har fått nok av slike bøker at eg ikkje kjøpte boka. Men så var det denne framsida då, som likevel fekk meg til å lese boka. Og denne boka er heilt tom for sentimentale følelsesskildringar, sjølvmedlidande hovudpersonar, ja det er ei oppvekstskildring nesten utan introspeksjon. Boka har ein nøktern og enkel måte å fortelle om denne oppveksta på. Det er som om Linderborg skildrar overflata av det som skjedde. Sjølvsagt får ein som lesar medkjensle for denne vesle jenta som må passe på og dekke over for Pappaen sin, men språket er usentimentalt og direkte. Det blir opp til lesaren sjølv å vurdere kva ein skal føle og kjenne.
"Vi brukte kveldene til å snakke sammen. Om hvordan det var å være arbeider, hvor flink jeg var på skolen, om Nacka Skoglund og sosialismen. Om mamma. Viktige ting, sånt som bare vi visste noe om.
Jeg ville være nær ham hele tiden. Var vi i butikken, holdt jeg ham i buksebeinet, satt jeg på bagasjebrettet, klemte jeg rundt ryggen hans, hvis han gikk på do, fulgte jeg etter ham. Jeg sov tett inntil kroppen hans.
Vi pusset ikke tennene eller vasket oss før vi gikk og la oss. Pappa hadde på seg underbukse og gjerne sokker også. Jeg hadde truse på meg. Vi brukte ikke sengetøy noe særlig. Dyne uten trekk, vi lå ofte rett på Dux-madrassene. Putene var dekket av skitne putevar, mest for at ikke fjærene skulle stikke."
(s. 43)
Jeg ville være nær ham hele tiden. Var vi i butikken, holdt jeg ham i buksebeinet, satt jeg på bagasjebrettet, klemte jeg rundt ryggen hans, hvis han gikk på do, fulgte jeg etter ham. Jeg sov tett inntil kroppen hans.
Vi pusset ikke tennene eller vasket oss før vi gikk og la oss. Pappa hadde på seg underbukse og gjerne sokker også. Jeg hadde truse på meg. Vi brukte ikke sengetøy noe særlig. Dyne uten trekk, vi lå ofte rett på Dux-madrassene. Putene var dekket av skitne putevar, mest for at ikke fjærene skulle stikke."
(s. 43)
Eg har vald å sitere dette avsnittet her fordi det er veldig deskriptivt for boka. Det viser både den gode kjærleiken som dottera har til faren sin og fortel samtidig på denne usentimentale og rett-fram-måten, som karakteriserer heile romanen, om den dårlege hygiena i heimen, som er eit av mange eksempel på korleis Åsa og faren sin heim skil seg frå dei andre sine heimar.
Boka gir mange eksempel på det dagens barnevernspedagogar ville ha karakterisert som grov omsorgssvikt. Ho fortel om faren som setter frå seg den vesle jenta utføre barnehagen, før han har åpna, for å rekke jobben sin. Ho fortel om faren som tisser i vasken på kjøkkenet etter å ha drukket øl og spyr opp gårsdagens ølrestar før dei syklar til barnehagen. Ho fortel om faren som ikkje klarer å få lønna si til å vare meir enn eit par dagar, og som må spise middag hos foreldra kvar dag, der han også bommar pengar. Også fortel ho om denne heilt spesielle kjærleiken mellom den vesle jenta og faren sin. Etterkvart som Åsa blir eldre, blir denne kjærleiken vanskelegare, men han er likevel veldig viktig heile livet.
Gjennom den nøkterne og usentimentale språkforma lar Linderborg lesaren få sjå inn i oppveksten til denne jenta med same namn som forfattaren. Det blir som om ho visar fram eit bilete; sjå her, og ta stilling til det du ser sjølv. Det er eit sterkt bilete av den viktige og vanskelege kjærleiken som dottera har til faren. Det er eit bilete det er viktig at vi får lov til å sjå.
No comments:
Post a Comment