Nov 6, 2008

Simon Stranger

mnem
Tiden forlag 2008
502 sider


For å seie det først som sist: mnem kjem til å bli ståande som ei av dei beste bøkene eg har lese! Det er ei av dei bøkene det er vanskeleg å seie noko om, fordi ho er så spesiell at ho helst bør opplevast. Men eg vil forsøke.

Simon Stranger har skrive ein roman med utgangspunkt i den fiktive byen Nem. Romanen har to hovudpersonar, Peter som blei født i byen i 1955, som er forfattar og kjem tilbake til byen for å skrive ei bok om historia til byen. Den andre hovudpersonen er Oliver, som var ein av grunnleggarane til byen, og som er i ferd med å miste hukommelsen sin. Medan Peter jobber seg bakover og forsøker å finne ut historia om byen, er det som hendte på 50-talet snart det einaste Oliver hugser. Byen Nem blei grunnlagt i 1955 av 5 unge studentar som hadde lese etikken til John Rawls. John Rawls sin filosofi tek utgangspunkt i at dersom ein skal kunne bygge eit perfekt samfunn, må dette samfunnet byggast av mennesker som ikkje veit noko om sin eigen posisjon i samfunnet. Romanen forteller historia om kva som gjekk gale i dette samfunnet. Samtidig forteller romanen om denne byen i dag.
Stranger har leiga ein arktiekt til å teikne byen og gatene og dette bybildet er sentralt både for struktureringa av romanen og sjølve handlinga. Romanen er bygga opp rundt gatene i byen, og gjennom å fortelle om kva som foregår i dei ulike gatene og husa klarer Stranger å konstruere ein roman full av store og små fortellingar om einskildpersonar, nokre av folka i husa blir presentert på få linjer eller som tilfeldig forbipasserande, medan andre av husa har ein historie som tek oss med på lengre fortellingar til tulipan-børskrakket i Nederland på 1600-talet eller til ein kjærleikshistorie frå Frankrike på 1700-talet. Den vakraste av desse små historiane er fortellinga om eit jødisk ektepar på gamleheimen i Nem.

Det som gjer denne romanen så spesiell er blandinga av sjangrar, fortellarar og fortellarmåter. Nokre av avsnitta om Peter er fortalde i du-form. Dette er med på å skape ein heilt spesiell form for nærleik til hovudpersonen, medan mesteparten av fortellinga om Peter sine undersøkingar i Nem har vanleg tredjepersonsfortellar. Innimellom kjem det dikt og teikneseriar og meir vitenskapelege skildringar, med utgangspunkt i korleis verda blei til eller korleis cellene i kroppen oppfører seg. Oliver si historie får vi først og framst fortald gjennom dagboka hans, der han skriver for å hugse. Til og med fortellinga om flygeøgla, som blir gravd opp på tomta der byen blir bygga, av nokre arkeologar på 50-talet, har fått plass i romanen.

Bakerst i boka finner vi eit oppslagsverk, der forfattaren forklarer ein del ord og uttrykk. Under oppslagsordet "totalroman" finner vi henvisningar til "ungdommelig overmot", "umulig" og "idioti". Og kan hende det er eit umogleg prosjekt Stranger gav seg i kast med for fem år sidan. Men det er langt i frå idioti, for sjølv om det kanskje er umogleg å skrive ein totalroman, er dette eit forsøk med eit veldig vellukka resultat.

3 comments:

Anonymous said...

Takk for utrolig hyggelig anmeldelse! Det er slike ting som gjøre det bryet verdt å skrive:-)
Gå gjerne inn på hjemmesiden min www.simonstranger.com
eller ta en tur til Nem via www.visitnem.com

alt godt,

simon stranger

Bai said...

Takk skal du ha - slike kommentarar gjer også stor glede til blogginga.

Ronny said...

Henger meg på her. Jeg leste anmeldelsen for noen måneder siden, og ble fristet til å lese boken. Mnem skuffet ikke. Dette var virkelig en forfriskende bokopplevelse.