May 16, 2011

Gratulerer, Jon Fosse!

Kl. 11.00 i dag kunngjorde kulturminister Anniken Huitfeldt at Jon Fosse skal få flytte inn i Statens Æresbolig, Grotten, ved slottet. Er det nokon norsk forfattar som fortener dette, så er det Fosse. Jon Fosse er ein stor språkkunstnar og han fortener denne anerkjenninga!

Den ekstremt produktive forfattaren Jon Fosse er mest kjend som dramatikar, og dramatikken hans er omsett til over 40 språk. Han har også skrive fleire romanar og dikt, mellom anna ein av mine favorittromanar Morgon og kveld. Tittelen Morgon og kveld er ein allusjon til begynnelsen og slutten på livet, som romanen handlar om. I første del følgjer vi Olai som venter på at sonen Johannes skal bli født, i naborommet. I andre del følgjer vi Johannes den dagen han døyr. Morgon og kveld er roman rik på symbol, med eit vakkert språk som viser fram dei store grenseovergangane i livet. På same måte som Fosse skildrar overgangen mellom fødsel og liv, liv og død i Morgon og kveld, skildrer han overgangen mellom det friske og det gale mennesket, fantasi og verkelegheit i Melancholia I-II. Dette er ein sterk roman som tek utgangspunkt i livet til kunstnaren Lars Hertervik. Også Andvake er ein kort, men vakker roman, som er høgst lesverdig.

Dramatikken til Fosse er skriven for scene, men fleire av stykka hans er godt egna som lesestykke også. Eg har lese "Sonen" og "Draum om hausten", og i begge stykka er dei mange mellomromma mellom menneskene og alt det som ikkje blir sagt, veldig framtredande. Det er ein kunst å skildre mellommenneskelege relasjonar, slik som Fosse gjer det i desse stykka. Det er ein kunst han meistrar.

Vil du ha ein smakebit på diktinga til Jon Fosse, anbefaler eg deg å sjå han lese "Kven er det som skriv, er det meg?" her.

Gratulerer, Jon Fosse! Eg håper du får mange produktive år i Grotten. Det er ingen andre enn deg, som fortener å bu der, akkurat nå. - Også håper eg ikkje du tar Huitfeldt på ordet, og bytter ut havet med Slottsparken. Eg liker å lese om havet.

4 comments:

torbjørn hauken said...

Eg er heilt einig i at Fosse er eit godt val, han har skrive mykje med høg kvalitet, og som dramatikar har ikkje landet vårt fostra noe større sidan Ibsen - likevel ville eg gjort som deg, satt mest fokus på prosaen - for den har urettvist kome litt i skuggen; 'Morgon og kveld' meiner eg er genial!
Men eg tillet meg å lure på om det er lurt for Fosse å bo i Oslo. Kanskje treng han vestlandsnaturen som inspirasjon, og kanskje er det reint for mange skjenkestader i nærleiken av Grotten...

Lena said...

Hipp hurra!!

Bai said...

Morgon og kveld er ei av dei beste bøkene eg har lese - og eg synest også han gjer seg som prosaskribent. Det kan kanskje skuldast at eg ennå har tilgode å sjå ei oppsetjing av Fosse live på teater, men eg synest han skriv gode romanar. Og særleg Morgon og kveld.

Eg saknar Vestlandsnaturen i Oslo, så eg skjønner godt kva du meiner. I Dagbladet såg eg at den umiddelbare responsen hans var: "- Ikke faen. Jeg ble skremt og litt redd. Jeg har en fin leilighet i Bergen, og har to barn der, sier forfatteren." (Eg tvilar på at han sa "ikke", Dagbladet). Og Vestlandsnaturen er jo ein viktig del av verka hans.

Likevel synest eg han fortener denne anerkjenninga det er - han blir ofte forbigått her i Norge, og eg synest det er flott at han endeleg blir æra, for den store diktaren han er.

Little Man From Another Place said...

Eg er absolutt samd i at prosaen til Fosse ikkje hev fenge den merksemdi han fortener. "Naustet" er ein godbit - og for lærarar: kortfilmen laga etter denne romanen er god!