- Brukarmanualen er litt knapp og systemet er ikkje fullt så intuitivt som Sony har sett føre seg.
- Brettet er meir håndterleg enn tjukke bøker.
- Litt klønete å halde, når ein ligg på ryggen og les. Eg trur moglegheita for å halde det godt, utan å komme borti den veldig følsomme touchscreenen og bla ufrivillig, vil betre seg med eit cover.
- Veldig enkelt å greit å overføre bøker frå bookdepository.co.uk.
- Nokså nøyaktig like lite enkelt og greit å overføre bøker frå bokskya.no (men det trur eg ikkje er lesebrettet sin feil. Takk til KindleJoy som har vore krisehjelp på epost).
- Brettet svarer til forventningane når det kjem til busslektyre. Bokmerkefunksjonar og eseløyre-knappar gjer det også mogleg å leggje det raskt vekk, når ein blir ropt opp i venterommet ho legen eller bussen brått kjem.
- Gode moglegheiter til å juster skriftstorleik. Dette fungerer best med skrift-pdf og i epub-format. Då er det bare å trykke på ein knapp. Nokre bøker kjem imidlertid som bilete-pdf. Her må ein zoome manuelt, og det er litt tungvindt å bla mellom sidene. Men det fungerer. Eg vil likevel dobbeltsjekke at bøker er lagra som tekstfiler, før eg begynner å lese dei, framover.
May 6, 2011
Lesebrettet så langt
Etter nokre dagars bruk, kan lesebrettet oppsummerast slik: Brettet har fleire funksjonar eg ikkje har prøvd ut ennå, men eg gleder meg til å fortsette å leite meg fram i denne ebokjungelen.
Labels:
Om ebøker
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Interessant lesning. Håper jeg entrer e-bok verdenen neste uke :)
Spennande. Eg ser jo at det har sine fordelar. I alle fall når ein reiser kollektivt til og frå jobb.
Post a Comment