May 9, 2011

Kva skal du lese - veke 19.

Ny mandag og nye leseplanar. Kva skal du lese denne veka?

Svar gjerne i kommentarfeltet eller i eigen blogg.









---------

Eg held framleis på med Tårnet av Uwe Tellkamp. Dette er eit stort verk (både i omfang og litterært) om korleis det er å leve i den akademiske overklassen i Aust-Tyskland, på 80-talet. Skildringane er detaljerte og vi får eit sterkt innblikk i kvardagen til gymnasiasten Christian og hans næraste. Sjølv om skildringane tidvis kan vere litt i overkant detaljrike, er dette ei bok det er verdt å bruke tid på.

På lesebrettet mitt har eg begynt på Seierherrene av Roy Jacobsen. Eg har ikkje lese Jacobsen ennå, så boka blei eit naturleg val då eg skulle teste ut dei norske ebokhandlarane. Det var ein omfattande prosess å få boka over på lesebrettet, men når det var gjort har eg lesestoff for nokre veker. Eg las første kapittel på bussen til og frå jobb på fredag, og eg liker tonen i boka.

Don Quijoute blei dessverre ikkje prioritert forrige veke, så eg har nokre kapittel eg må ta igjen, om eg skal henge med på samlesinga på bokelskere. no.

Elskeren av Marguerite Duras blei innkjøpt forrige veke og skal forhåpentlegvis begynnast på denne veka, som ein del av 1001 bøker-samlesinga på linesbibliotek.

I tillegg har eg Persepolis og Innsirkling 2 heime frå biblioteket. Desse må også lesast, før lånetida går ut.

8 comments:

Elisabeth said...

Åh, høres ut som du har en bra lesetid foran deg. Persepolis, Innsirkling 2 og Elskeren er alle bøker jeg storkoste meg med. Gled deg :)

Anonymous said...

Da har vi to felles bøker på plakaten; jeg holder på med Elskeren og har nettopp kjøpt Don Quijote på lydbok. Jeg storkoser meg ikke med Elskeren foreløpig, så jeg håper at det endrer seg snart. Jeg koser meg derimot stadig mer med P. D. James' Det svarte tårnet, som er en velskrevet og litt nifs psykologisk krim.

God leseuke!

annkolaas said...

Eg held på med Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant (eller noko i den duren), og tenkjer å lese Hvite hester etterpå

Eg elska forøvrig innsirkling 2. Gled deg!

Bai said...

Takk for oppmuntringa, Elisabeth. Eg gleder meg.

Line: P.D. James er ein av dei få krimforfattarane eg liker, så eg trur deg. Det svarte tårnet har eg ikkje lese ennå.

Lena: Hundreåringen... er det mange som skryt av. Den vil eg også lese.

Ugla said...

Jeg har startet på Sigurd Hoel: 'Møte ved milepælen.'

Ellers har jeg lastet inn Elskeren på ipoden, så jeg får se hvordan det går....

Haruhi said...

Jeg skal lese ut Salman Rushdie's Shame. Sniksamlese Elskeren. Og kanskje, hvis jeg får tid, starte på "Livet og døden tar rotta på meg" av Mo Yan.

"Romfortrivsel" said...

Hundreåringen, her også. Fantastisk morsom! Jeg storkoser meg.

torbjørn hauken said...

Nå må du kanskje lese noe du ikke hadde tenkt å lese - du er utfordret i litterær stafett!