May 15, 2011

Lyrikk på ein søndag - W, X, Y, Z... eller ny runde?

Den siste tida har søndagslyrikkpostane vore vanskelegare og vanskelegare å lage. Dels fordi vi har komme til den delen av alfabetet der alle dei vanskelege bokstavane er, men også fordi mange av oppgåvene begynner å bli oppbrukt. Vi har vore innom veldig mange litterære epokar, omgrep og teoretikarar, knytta til dei ulike bokstavane. Og nå begynner det å bli litt tomt for idear hos meg.

Likevel - eg har sett veldig stor pris på aktiviteten rundt desse lyrikkoppgåvene, og eg har lyst til å fortsette å bidra til å oppretthalde eit visst fokus på lyrikk i bloggsfæra. Sjølv har eg lært mange ukjende diktarar å kjenne, både ved å leite etter svar på mine eigne oppgåver, men ikkje minst gjennom å lese svara til dei av dykk som er med og svarer. Og sidan eg er så glad i diktlesing, har eg lyst til å fortsette, men med ein litt anna vri.

Eg har lyst til å gjere om "Lyrikk på ein søndag"-oppgåvene frå å vere alfabetisk organisert til å vere geografisk organisert. Eg har lyst til å leggje ut på ei lyrisk reise, gjennom Europa og vidare til Asia, Afrika og over til det australske og amerikanske kontinetet. I staden for å bruke bokstavar som tema, vil eg bruke land som tema. Og utfordringa vil då kvar søndag vere å gjere seg kjend med og presentere eit dikt og ein diktar frå det aktuelle landet.

Er det stemning for å bli med på ei slik reise?

5 comments:

Elin said...

Høres spennende ut:)

tusen said...

Jeg ønsker dette iniativet hjertelig velkommen!

Ingrid said...

Den resan vill jag följa med på ! Så spännande!! Tack ska du ha för att du gör så mycket för lyriken!

torbjørn hauken said...

Det blir nok en flott reise som jeg gjerne blir med på, men kanskje det går an å ha en pause i sommer av hensyn til andre reiser?

Bai said...

Då begynner eg å forberede geografiske postar. Og sommarpause høyrest eigentleg ganske lurt ut, Torbjørn. Denne gongen skal eg komme tilbake etter sommaren også ;)