May 19, 2011

Lese ferdig?

Eg har lese dei første 610 sidene av den 804 sider lange romanen Tårnet av Uwe Tellkamp. Eg plukka med meg boka på mammutsalet, fordi Torbjørn anbefalte boka for eit års tid sidan, i den fine "Tysktime"-spalta si.

Den første delen var gripande. Dei detaljrike skildringane av livet i Dresden på 80-talet, sensuren i bokbransjen, korrupsjonen på sjukehuset, mangelen på varer og den stadige frykta for å komme med systemkritiske ytringar til feil person er fascinerande ei god stund.

Men så kjem det til eit punkt der det kjennest som om eg har lese det før. Det er ei framdrift i boka, i form av at tida går. Bresjnev blir skifta ut med Andropov, som blir skifta ut med Gorbatsjov. Og Christian går frå å tenke kritiske tankar om utdanningssystemet og gymnaset han er elev ved, til å tenke kritiske tankar om verneplikta og militærtenesta. Men framdrifta på handlingsplanet er svært langsom, og det verkar som om boka gjentek seg sjølv. Dei detaljerte skildringane, som var så interessante dei første 300 sidene, begynner å bli direkte kjedelege over dei neste 300 sidene. Over dei siste 75 sidene eg har lese, har eg stadig tenkt "kom til poenget...", når eg for eksempel les 2,5 sider lange digresjonar om klesvask i familien sitt hus, over dei siste tjue åra:
...Så for seg de okselignende vaskestampene med jernbeslag rundt som bøkkeren hadde laget i en tidligere tidsalder, en kvalitetsvare som såpefabrikanten vel hadde hatt ansvaret for. På trebukker sto de, truende, over sluket, som stadig gikk tett. Da måtte de mannlige beboerne stikke lange ståltrådstenger ned i mørket i håp om at det forstoppede vaskevannet ville finne veien til de hengende rørene i hagen ... Dit førte imidlertid også toalettrørene i Tusenøynehuset, og de hadde en tendens til å gå tett. Stahl hadde forklart for Meno at hvis slike rør gikk for bratt nedover, forsvant riktignok væsken fort, men alt det faste ble liggende igejn ... og så måtte man pirke videre. Til dette bød hageskuret på fem meter lange stenger med øse i enden; den gang Hanna og Meno flyttet inn i Tusenøynehuset, hold skipslegen et lite innføringskurs i bolighverdagens gjenvordigheterog særheter i en gammel bygning som ikke var blitt sanert på flere tiår. (s. 600)
Eg har hatt ein pause i boka, nå som eg har lese Elskeren av Marguerite Duras. Og nå har eg lyst på ein pause til, for å lese ei av dei andre bøkene eg har liggjande. Men erfaringsvis veit eg at det å ta fleire pausar i same bok, betyr at boka ikkje blir ferdiglesen. Kan eg leggje bort ei bok, etter 600 sider? Eg gjer vanlegvis det, når ei bok ikkje fengar lenger. Men denne klarer eg ikkje heilt å leggje frå meg. Må eg vite korleis det går? Tårnet har noko, som gjorde at eg las dei første 300 sidene med stor begeistring. Men er det nok til at eg skal utsette andre lesarprosjekt ytterlegare, for å komme gjennom dei siste 200 sidene? Og skjer det i det heile tatt noko meir, over dei siste 200 sidene?

5 comments:

torbjørn hauken said...

Jeg føler jeg bør svare, men jeg er usikker mht hva som er det beste rådet!Jeg kjenner godt igjen følelsen av at det blir vel detaljert, samtidig syntes jeg andre del inneholdt mer (svart)humor og mot slutten skjer det stilistiske endringer som jeg fant interessante i fohold til innholdet. Men om hovedmotivasjonen for å lese videre ligger i ønsket om å få vite hva som skjer tviler jeg på at det er verdt å fortsette - for du vet jo egentlig hva som skjer - gjør du ikke!?

Bai said...

Ja, du bør svare ;)

Eg skjønner jo kva som skjer, så det er ikkje det det står på. Men spørsmålet er heller om det er verdt å bruke tid på dei siste 200 sidene, når dei 300 i midten er så langdryge. Men svart humor har eg sansen for - det fordrar jo at eg les grundig nok til at eg får med meg humoren.

Det største problemet er vel at eg aldri blir ferdig med boka, og at ho ikkje har vore fengande på nokre sider nå.

torbjørn hauken said...

Nå synes det som om du regner med st du uansett ikke blir ferdig, men jeg mener bestemt at den tok seg opp igjen mot slutten...Du bør selvsadt gjøRe det du føler sterkest for!

Bai said...

"Aldri blir ferdig" skulle stått i "" og det skulle lesast med slik sutrestemme, slik som køen som "aldri blir ferdig". Eller bilturen. Eg meinte å uttrykke at eg har halde på med boka sidan før påske, og det er framleis mykje igjen. Og det ville ikkje gjort noko om det hadde vore fengande, men det begynner å bli ei stund sidan det var fengande.

Men om du meiner ho tek seg opp på slutten, skal eg ta deg på ordet. Eg har eigentleg lese for mykje til å ikkje lese ferdig også. Og startten var jo god.

Ingrid said...

Bai: Det är en tung bok att ta sig igenom. Jag har del två kvar nu och känner också att jag måste ta en paus och hämta andan lite. Jag tycker om att läsa om den unge Christian och hans tankar och upplevelser-men alla personer är jag inte lika intresserad av... svart humor gillar jag dock så kommer det mer av den varan längre fram blir jag bara nöjd och glad. Jag ska ta tag i boken snart igen.