Beatelill, dama bak bloggen Beate blogger om bøker, vil lage ei liste over bøker vi bokbloggarar meiner at "alle burde lese", og utfordrer alle til å komme med sine topp-fem bøker.
Eg synest alltid det er så vanskeleg å plukke ut dei fem beste eller den beste boka, fordi ei slik utvelgjing fører til at eg må ekskludere mange andre gode bøker. Derfor har eg brukt litt tid på å tenke meg om, etter at Beatelill skreiv dette innlegget på fredag.
Eg har komme fram til fem bøker eg liker veldig godt:
Morgon og kveld av Jon Fosse. Bloggpost her.
Det jeg elsket av Siri Hustvedt. Bloggpost her.
Mnem av Simon Stranger. Bloggpost her.
Drömfakulteten av Sara Stridsberg.
The Wind-up Bird Chronicle av Haruki Murakami.
Dersom du har lyst til å vere med å skrive Beatelill si liste over bøker alle burde lese, kan du skrive eit innlegg i eigen blogg eller i kommentarfeltet på Beatelill sin post her. For at ho skal få oversikt over alle listene i alle bloggane rundt omkring, er det viktig at du uansett gir beskjed om kva slags bøker du har foreslått.
5 comments:
Jag ska ta mig en funderare... det är svårt att välja ut fem- men jag ska göra ett försök. (Fosse som du har på din lista blev jag intresserad av!)
Ja, eg er einig i at det er vanskeleg. Etter å ha posta lista mi, merka eg at dei blei bare samtidslitteratur. Men eg liker jo mykje anna også. Det er noko med det at når ein skal velgje noko, inneberer det å velgje vekk noko anna. Og det er ikkje alltid like lett.
Fosse bør du lese, viss du ikkje har lese han endå. Han er mest kjendt som dramatikar, og fleire av dei dramatiske tekstane hans er veldig godt egna til lesing også. Men Morgon og kveld er min absolutte favoritt.
Åå eg har ikkje lese Morgon og kveld av Jon Fosse. Den må eg få tak i snarast! Har lese mykje anna, og elskar han.
Vanskeleg liste ja. Eg har skrive mine fem, men er slett ikkje sikker på om eg i det heile tatt har komt på mine absolutte favorittar.
SV: Jeg forventet meg noen innvendinger mot Murakami, men det er kjekt at du forklarer hvorfor DU synes Murakami er verdt å lese. Det er nok blandingen av virkelighet og drøm, historie og samtid som gjør at jeg ikke har fått noen spesiell interesse for hans forfatterskap.
Godt å høre at det er flere som ikke leser fantasy, for jeg føler meg ganske alene på det punktet til tider :p
Fem böcker är svårt, men jag ska fundera!
Post a Comment