Mar 31, 2010

Første kvartal 2010

Det er 31. mars, og vi har gjort unna ein fjerdedel av 2010.
Desse tre månadane har eg lese desse bøkene:

Januar: 4 bøker, 1 gitt opp.

Johan Theorin: Skumringstimen
Karin Fossum: Den som elsker noe annet
Arnaldur Indridason: Vinterbyen
Åsa Larsson: Solstorm
Mo Hayder: Tokyo (gitt opp halvvegs).
Samlepost med omtaler her.

Februar: 2 bøker. 1 gitt opp.

Chrs Cleave: Little Bee. Omtale her.
Bjarte Samuelsen: Tang. Omtale her.
Bergljot K. Nordahl: Magda.

Mars: 6 bøker.

Siri Hustvedt: The Blindfold. Omtale her.
Jo Nesbø: Marekors
Thomas J. R. Marthinsen: Du. Omtale her.
Terje Thorsen: Dikt til en nonne
Elfride Jelinek: Elskerinnene. Omtale her.
Haruki Murakami. Kafka on the Shore. (Halvferdig).

Eg har altså lese 11,5 bøker denne første fjerdedelen av året, og begynt på 2 til som eg ikkje har lese ferdig. Det er jo ikkje så verst, med tanke på at eg ikkje har hatt ei kjensle av at eg har hatt tid til å lese så mykje som eg har hatt lyst til.

Høgdepunkta har vore Bjarte Samuelsens Tang, Siri Hustvedts The Blindfold, Thomas J. R. Marthinsens Du og sjølvsagt Murakami si Kafka on the Shore, som eg ikkje er heilt ferdig med.

4 comments:

annkolaas said...

Eg gler meg til å lese Siri Hustvedt. Høyrer såp mykje fint om ho, og har ikkje lese noko av ho før. Eg såg faktisk bokprogrammet for eit par veker sidan også (ein av dei sjeldne gongane eg hugsar å sjå det).

Likte du ikkje "Tokyo"? Eg har fått inntrykk av at boka er ein sånn snakkis "alle" elskar.

God påske:)

Kristin H said...

Har aldri lest så lite som disse første månedene og blir helt misuneling på din liste.
Leser "Wolf Hall" av Hilary Mantel og det går i sneglefart. Ha en herlig påskelesning!

labben said...

Gøy å se at noen andre har lest Tang. Jeg må innrømme at det ble en smule for rart for meg, men jeg måtte lese den. Jeg var nemlig på et bokmøte i høst hvor forfatteren leste et utdrag fra boken. Han var en fantastisk oppleser, og det fikk meg og en kollega til å ville lese boken.

Bai said...

Gled det til Hustvedt, Lena. Ho er absolutt verdt å lese. Nei, eg likte ikkje Tokyo. Det blei litt for stereotype karakterar og litt for lite framdrift i første halvdel av boka. Men det var 5 krimboka eg las på rad, så det kan hende eg var litt metta av sjangeren. Eg pleier å få slike krim-raptusar for så å bli metta, ein gong i året.

Kristin, Wolf Hall er ei bok eg også har veldig lyst til å få lese.

Labben, Tang syntest eg var veldig morsom. Det er ein smule rart, ja, men eg liker den absurde humoren godt.