Apr 1, 2010

Eg kan ikkje fordra denne dagen

Eg innrømmer det. Eg er lettlurt.

I dag drakk eg morgonkaffien min og bladde gjennom nettavisene, som vanleg, då eg kom til Stavanger Aftenblad sin artikkel om at LO vil innføre bot for å jobbe i hagen første mai. Den trøytte mannen som sitt i sofaen blir overrumpla av ei lettare provosert kone som ytrer si meining om dette utspelet. Folk ser jo meir og meir på hagearbeid som hobby, og viss luking og blomsterplanting er rekreasjon, må ein jo kunne gjere det på ein fridag.... Og første mai, kva med Kristi Himmelfarstsdag og påskedagane og pinsedagane, kan ikkje LO kreve like mykje respekt for desse dagane?
Og så vidare, og så vidare...

Mannen i sofaen svarer tørt: "Er det ikkje første april i dag?"

Ein kvart kopp kaffi seinare kjem eg til Vårt Land som presentrer nyheita om at tobakkskaderådet vil forby Albert Åberg på grunn av at den piperøykande pappaen som er eit dårleg forbilete for barn. Eg begynner å disponere stikkord til eit blogginnlegg om politisk korrekt barnelitteratur, og lurer på om eg vil klare å finne fram dei fantastiske (og nå bortredigerte og bannlyste) teikningane til Torbjørn Egner av framande og eksotiske folkegrupper og som i seinare tid er stempla som rasediskriminerande.

Også høyrer eg stemmen til mannen i sofaen inni hovudet: "Er det ikkje første april i dag?".

Eg er for lettlurt til å like denne dagen. Eg går fem på, igjen og igjen, og det skal ikkje meir enn ein kvart kaffikopp til, før eg har gløymd kva dag det er. Eg vurderer å leggje meg ned og sove til han har gått over, men det er kanskje ei like god løysing å bare la vere å lese aviser i dag.

Ha ein god dag - men hugs, det er 1. april.

8 comments:

Kristin H said...

Det er tidlig morning i New York, så jeg har hele dagen framovor til å oppdage bløffer. Takk for at du minnet meg på det. Ha! Albert Åberg den var morsom!

Bai said...

Eg synest han var litt drøy, eg.

annkolaas said...

Hehehe! Same her. Eg er veldig glad og takknemleg for at det er skulefri i dag. Elles hadde nok elevane mine lurt meg heile dagen.

Marita said...

Hehehe!
Morsom lesning,lett å kjenne seg igjen i (godtroende jeg og :-)).

Bai said...

Oi, Lena, det aspektet ved læraryrket har eg ikkje tenkt over.

Ingrid said...

Jag känner igen mig... stort leende ....

Aud Venke said...

Kjente òg at det var godt med fri frå jobben denne dagen :). Morsom lesing. Kjenner ei som fekk beskjed om at huset hennar måtte rivast på grunn av bybanen i Bergen. Gjett om ho var fortørna og trykte vidare på BT sin artikkel. Der stod det: "Sjekk datoen". Utrygg dag med andre ord.

Anonymous said...

Deilig blogginlegg! Kjenner meg igjen, ja...