Apr 4, 2010

Lyrikk på ein søndag - B

Det er søndag igjen, og tid for bokstaven B i lyrikkutfordringa. Dersom du vil vere med å fokusere på lyrikk på søndagar, svarer du ganske enkelt på spørsmåla under.
1. B står for barndom. Presenter eit dikt du hugser frå barndommen din.
2. Presenter ein diktar på B, gjennom eit dikt.
3. Det er 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde i år, og vi feirer Bjørnson-året. Kva forbind du med denne diktaren?
1. Eit av dei tidlegaste dikta eg kan hugse, er ”Så rart” av Inger Hagerup. Eg likte teikningane i samlinga veldig godt, og då eg skulle skrive dette innlegget og leitte etter ein illustrasjon, blei eg veldig glad då eg fann ut at boka framleis er å få tak i med same omslaget.


”Så rart”
av Inger Hagerup.

Så rart å være flaggermus
og flakse rundt fra hus til hus
og gå til sengs i trærne.
Men er det noen som forstår
hvordan den kan få sove når
den hanger etter tærne?

Så rart å være edderkopp
med nøste i sin egen kropp
og spinne alle dage.
Men hvordan kan den gjemme på
så mange kilometer tråd
i slik en liten mage?
2. Eg har nyleg lese debutsamlinga til Kristin Berget, Loosing Louise, ei svært spennande diktsamling. Eg liker typografien, dei gammaldagse skrivemaskinsbokstavane, og eg liker spørsmåla om relasjonar og språk som blir reiste i desse dikta, ved hjelp av dei to karakterane Louise og c. Eit tidleg dikt i samlinga er
det er langt mellom ørken og regn sa louise
langt fra ørken til regn
færre vekslinger

dette er grensen mellom regn og sand
øyeblikket ingen væsker trenger gjennom

dette er kanten av ansiktet
grenser mot sanddyner
i bølger i bølger over bølger
over sand
3. Bjørnstjerne Bjørnson er ein diktar eg har eit litt morsomt forhald til. Då eg gjekk i fjerde klasse på barneskulen oppdaga eg nemleg at vi hadde bursdag på same dag. Som tiåring syntest eg dette var veldig spesielt, og eg begynte å skrive ”Bjørnstjerne Bjørnson” på rubrikken ”Favorittbok” i alle skuledagbøkene. Ein dag blei eg konfrontert med dette av ein lærar, som var fascinert over denne tiåringen som hevda at Bjørnstjerne Bjørnson var favorittdiktaren (eg ser jo at eg også ville blitt det nå), og det kom for ein dag at eg ikkje hadde lese noko av Bjørnstjerne Bjørnson. Noko skuffa gjekk eg heim til bestefaren min og fortalde at eg trong å lese noko av Bjørnstjerne Bjørnson, fordi han var yndlingsforfattaren min fordi vi hadde same fødselsdag. Og morfar ga meg ”En glad gut”. Dagen etter kom eg på skulen og kunne fortelje læraren om Øyvind, som gret då han blei født.

7 comments:

Ingrid said...

Men åh- Inger Hagerups bok hade jag i min barnbokhylla för många år sedan. Den svenska upplagan såg precis likadan ut- nu väckte du upp nostalginerven, Bai. Många högläsningstimmar blev det ur just den boken, det minns jag så väl.

thauke2 said...

Eg er med!

Bai said...

Kjekt at du er med, Thauke!

Ingrid, nostalginerva - for eit flott uttrykk! Eg hugser både høgtlesinga og bileta godt. Eg trur eg må leite ho fram igjen og lese for tantejentene mine.

eekageek said...

Så flott initiativ! Poesi trenger mer oppmerksomhet. Hadde jeg sett dette i går skulle jeg hengt meg med. Kanskje jeg får bli med neste søndag i stedet :)

Bai said...

Du er velkommen til å henge deg på, sjølv om søndagen er over ;)

Stian Raa said...

Jeg kommer over bloggen din da jeg søkte på et dikt. Elsker designet!!

Lilla O said...

Jag har svarat på B!