Apr 12, 2010

Ein utruleg morsom film


I går var eg på kino og såg "En ganske snill mann". Og det var ein utruleg morsom film!

Ulrik (Stellan Skarsgård) slepper i åpningsscena ut frå Ullersmo etter å ha sitte inne i 12 år for mord. Han blir raskt kontakta av Jensen, ein ordentleg gangster med gulltann og mercedes. Jensen har fiksa eit rom Ulrik kan bu på og planlagt hemna over tystaren som fekk Ulrik inn i fengslet. Han har også betalt 1500 kr. månaden til eksdama til Ulrik, som blei aleine igjen med sonen Geir. Handlinga er enkel, Ulrik forsøker å finne seg til rette på utsida, kor det ikkje lenger er lov til å røyke kor som helst. Han møter sonen Geir som har sambuar, leiligheit og studerer til å bli svakstrømsingeniør og som skal bli pappa. Han har fortald sambuaren Silje at faren er død, og når Ulrik dukkar opp og har skote ein fyr og sitte inne for det, er ikkje Silje veldig begeistra. I hennar familie har dei prinisipper, dei driv med planteskular og ikkje med skyting av folk, og ho vil ikkje at bornet skal ha kontakt med denne kriminelle bestefaren. Ulrik får auga opp for at det er viktigare ting i livet enn hemn, og det viser seg at han eigentleg er ein ganske snill mann.

Til tross for dette enkle og forutsigbare plottet er "En ganske snill mann" ein utruleg morsom film! Karakterane har i det heile tatt relativt få replikkar, men sminken, påkledninga og ikkje minst atferda deira bygger opp under stereotypar, og gjer filmen til ei strålande komedie. Tonen for filmen blir sett tidleg, då Jensen plukkar opp ei dame som har rygga på bilen hans og putter henne oppi ein søppeldunk. Scenene kor den bitre, gamle hybelvertinna kaster trusa etter å ha servert Ulrik middag er mildt sagt kostelege. Mekanikaren Sven sine tirader om korleis han ser på sakar fekk meg til å le så tårene trilla. Og diskusjonar mellom sjefsgangsteren Jensen og idioten Rolf som sitt i baksetet om for eksempel kor vidt "dverg" og "kortvokst" er det same eller ikkje, er med på å gjere filmen til det han er.

"En ganske snill mann" er noko så sjeldan som ei god, norsk komedie. Humoren er herleg, og i motsetning til mange andre komedier, held filmen seg innafor grensene. Han tek ikkje heilt av og humoren og parodien blir strukke nøyaktig akkurat passe langt. Og det er nettopp dette som gjer "En ganske snill mann" til ein veldig god film.

6 comments:

annkolaas said...

Denne skal eg sjå.

Solgunn said...

Jeg er enig med deg. Så den for noen uker siden, og jeg lo så mye at jeg fikk vondt i magen! Spesielt hybelvertinna er kostelig: "jeg vet du vil"- huff :-)

Bai said...

Grøss, ja! Den hybelvertinna. Eg må innrømme at eg trur det er dei beste sex-scenene norsk film har å tilby.

Kristin H said...

Må nok vente lenge på denne. Lurer på om den kommer til å bli lansert i utlandet?

Bai said...

Eg meiner at han gjorde det ganske godt i Berlin, men det er ikkje godt å seie om det betyr at han blir distribuert vidare.

Attmed fjellet said...

Hei! takk for flott anmeldelse! Nå skal jeg ihvertfall få sett denne filmen!