Det er snart påske, og det beste med fridagar er å kunne liggje i senga og lese bok til midt på formiddagen, utan å ha dårleg samvit for at ein ikkje har stått opp. Dei siste dagane før ferien må brukast til planleggjing og innsamling av godt eigna ferielektyre. Og i år er eg godt i gang. Det gjeld å vere tidleg ute i påsketida, for bibliotek og bokhandlarar stenger jo så mange av dagane.
For tida held eg på å lese Murakami, Kafka on the Shore, ei bok eg lenge har trudd at eg har lese, men som eg til mi overrasking oppdaga at eg ikkje hadde lese likevel. Neste bok ut er Daniel Kehlmann: Berømmelse. En roman i ni historier, som eg henta på biblioteket for eit par dagar sidan. Eg har også lånt Arnfinn Nordbø si bok Betre død enn homofil. Denne har eg vore veldig nysgjerrig på, sidan ho kom ut, og eg gleder meg til å lese ho. Her om dagen fekk eg i tillegg låne boka Precious, av Sapphire, boka bak filmen med same namn av Ugla (det står "Based on the novel PUSH" på coveret, og eg har ikkje heilt funne ut kva det betyr. Kva er ein roman basert på ein roman?). For å vere på den sikre sida har eg nå også bestilt Keiseren av Portugalia av Selma Lagerlöf, De gjorde et barn fortred av Tove Ditlevsen og Hvordan helbrede en fanatiker av Amos Oz på biblioteket. Eg trur eg skal vere godt førebudd til ferien nå.
Er det fleire som legg grundige leseplanar for ferien? Eller tek du det litt meir som det kjem?
4 comments:
Jeg klarer ikke å planlegge så mye. Men jeg har noen vage planer... Jeg har bestilt noen bøker med brev skrevet av Nancy Mitford (blant annet FBookshop at 10, Curzon Street) som jeg håper havner i postkasse mi før helgedagene setter inn. I tillegg så har jeg en ny bok av Orlando Figes som handler om frykt i Sovjetunionen og som jeg tror bli interessant lesning. Men ellers gleder jeg meg til roen i påsken, og til å få god tid til å lese:-)
Eg har to småtroll, så eg kan ikkje lese så mykje eg har lyst ti, ikkje før dei har lagt seg for kvelden i alle fall.
No les eg Mari Strachan:Jorden nynner sin hemmelige sang, som eg fekk av Aschehoug, og dersom eg skal greie å trekkje ut eit par umiddelbare valg av dei rundt 200 på lista mi, må det vere Helene Guåker: Kjør! (bokbloggturnebok) og Eivind Buene: Enmannsorkester (også bokbloggturne).
Eg kjenner behovet for å velje bok sjølv no, etter berre å ha lese tilsende bøker i ei lang periode. Haruki Mukarami: After dark, Richard yates: Påskeparaden blir nok dei neste:)
Jeg leser ganske lite krim, men denne påsken skal jeg slenge meg på krimbølgen og prøve meg på Andre Bjerke: De Dødes Tjern og en bok som heter Påskekrim 2010, med krimnoveller fra diverse norske forfattere.
I tillegg blir det en haug med pensumlesning, for studenter har desverre ikke fri selv om det er ferie. Alltid mye å gjøre.
Fram til og med onsdag skal jeg faktisk jobbe hver dag bortsett fra søndag, og da må jeg gjøre masse husarbeid, siden jeg får besøk fra og med onsdag til og med tirsdag uka etter. Med andre ord legger jeg svært få leseplaner, for jeg tror ikke jeg får tid...
Post a Comment