Mar 21, 2010

...og dei fem verste...

Elin etterlyser dei fem verste bøkene vi har lese, i forlenginga av Beatelill si liste over dei beste, jamfør forrige innlegg. Denne gongen har eg vald ut 5 bøker eg ikkje likte, til tross for at dei har fått strålande mottaking. Ikkje fordi eg av prinsipp vil vere pretensiøs og ikkje like bestselgjarar, for eg liker ein god del bestselgjarar også. Men fordi eg rett og slett ikkje klarer å forstå korfor desse bøkene har fått den gode mottakinga dei har fått.


Alkymisten av Paulo Cohelo kjem høgt opp på den lista, for min del. Mange har omfavna denne, men eg blir nesten kvalm av den kvasifilosifiske, kvasireligiøse, svermariske skrivemåten.
DaVinci-koden står også på denne lista. Eg veit ikkje om denne krever begrunning, utover ei henvisning til avisa Thelegraph si liste over Dan Brown sine 20 verste setningar.
Og medan vi er inne på konspirasjonsteoriar trur eg Gert Nygårdshaug si bok, Fortellernes marked er eit eksempel på ei dårleg historie kor det må ligge uendeleg mange timar research bak. Litt synd at han ikkje klarer å gjennomføre og skrive ein god roman rundt dette materialet. Her har eg skrive meir.
Tusen strålende soler av Kahled Hosseini er ei tredje bok eg ikkje likte. Her har eg skrive om korfor eg la ho bort etter 150 sider.
I sommar las eg også ei Liza Marklund bok, eg trur ho heitte Sprengeren. Språket var slitsomt dårleg og forteljinga var heller ikkje direkte engasjerande.

3 comments:

Lille søster said...

Her hadde jeg bare lest Alkymisten. Og jeg er enig.

Anonymous said...

Apropos Sprengeren: Se artikkelen min om research i februararkivet på den nyopprettede http://oversetterblogg.blogspot.com/

Beste hilsen Kari

Karin said...

Veldig mange bokblogger nemner Alkymisten og andre romaner av samme forfatter (som værste leseopplevelser) Er helt enig:-)Husker jeg leste den og tenkte "hva var dette liksom?"