Mar 19, 2010

Elfriede Jelinek - Elskerinnene

Elfriede Jelinek
Elskerinnene
Die Liebhaberinnen, 1975
Omsett av Elisabeth Beanca Halvorsen
Gyldendal forlag, 2006
173 sider


Elskerinnene er ei lettlesen bok som fortel ei tung historie. I sjølve romanteksten blir det nemnd at dette er ikkje ein heimstadroman og det er heller ikkje ein kjærleiksroman. Likevel er det litt av begge deler. Og mykje meir. Det er romanen om dei to elskande jentene, Brigitte og Paula. Brigitte er ei byjente som jobbar på fabrikk kor ho syr snøreliv og BH'ar. Ho vil gifte seg med Heinz, fordi han har ei framtid, han skal bli bedriftseigar. Ho nærmast jaktar på Heinz, avskyr gymnasiasten Susi som Heinz er interessert i og når ho endeleg blir gravid med han ser ho på framtida si som sikra. Paula er bygdejente. Ho har ikkje tenkt vidare over framtida, men blir gravid med Erich, den vakre men dumme guten, som drikk mykje og som bare er oppteken av motorar og bilar sjølv om han ikkje kan køyre bil sjølv. Foreldra til Paula sørgjer for å få dei to gifte, for at dottera deira ikkje skal vere eit uekte barn.

Annakvart kapittel handlar om Brigitte og annakvart kapittel handlar om Paula. Språket er svært enkelt, eg får assosiasjonar til ei barnebok gjennom måten historia blir fortald på. Fråveret av store bokstavar, både i starten av setningar og namn er påfallande. Det same er bruken av forkortingar i teksten.
selv om brigitte hater heinz, vil hun likevel ha ham, så han kan tilhøre bare henne og ingen andre.
når b. hater heinz allerede før hun overhodet har fått ham, hvordan vil hun ikke da hate ham når hun en gang, noe som er svært tvilsomt, har fått ham for evig og alltid og ikke lenger må anstrenge seg for å få ham.
men foreløpig må brigitte skjule hatet sitt med omhu, fordi hun fremdeles er ingen, nemlig en syerske av brystholdere og vil bli noen, nemlig kona til heinz.
(s. 78)
Dei komplekse kjenslemessige og til tider svært vaksne problemstillingane desse to jentene står ovafor gjennom romanen, mister litt av alvoret gjennom dette barnlege og lette språket. Kontrasten mellom språkføring og innhald er til tider svært påfallande. Avstanda mellom det som blir fortald og måten det blir fortald på, er med på å gi heile teksten eit ironisk preg. Eg veit ikkje kva eg skal synest om desse to kvinnene. Historiene deira handlar tidvis om eit tøft liv, samtidig som forteljarmåten gjer at eg ikkje heilt klarer å kjenne sympati for dei. Det er som om dei gjennom forteljarmåten og språket framstår som ganske patetiske. Dette skaper også ei spenning i romanen som også driv den elles så enkle forteljinga framover.

Elskerinnene er ei bok eg kjem til å hugse. Ho er noko meir enn ei dyster forteljing om kvinnene sitt lodd og deira plass i samfunnet, for nokre tiår sidan. Og det er språkføringa og det forteljartekniske som gjer at ho står i ei særstilling, samanlikna med andre bøker om same tematikk. Det er ei svært god bok.

4 comments:

Little Man From Another Place said...

Jeg har selv lest denne boken. Den er bra, men føles litt utgått på dato. Samtidig er det jo alltid bra å lære om hvordan ting har vært, for å vite hvor bra man har det i dag samt få en forståelse av hva tidligere generasjoner måtte slite med.

Bai said...

Ja, og tja... Kvinner har større moglegheit til å leve eit fullverdig liv utan ekteskapet. Og godt er det. Men det er framleis bare snakk om den vestlege, europeiskfødde kvinna. Ein skal ikkje reise langt inn i Asia før ein finn dei same haldningane som er skildra i denne boka. Så heilt utgått på dato er vel ikkje tematikken.

Samtidig har eg lese mange bøker i denne sjangeren, om forhaldet mellom kvinna og samfunnet for nokre tiår sidan. Og dette er ei av dei betre, nettopp på grunn av måten ho er fortald. Og det er også det eg meiner gjer ho til ei svært lesverdig bok, også i dag.

Lyran & Lovan said...

Jag har den här boken i min hylla och nu blev jag sugen att läsa den :-)

Bai said...

Det blir spennande å høyre kva du synest, Lyran.