Dec 28, 2010

Eg har oppdaga Neil Gaiman

Coraline
Neil Gaiman
Adaptert til teikneserieroman av P. Craig Russell
2008


Like før jul kom eg over boka Coraline på biblioteket. Då eg såg boka, kom eg til å tenke på Elin som har snakka varmt om Neil Gaiman. Eg har lenge vore nysgjerrig på Gaiman og på korleis det er å lese teikneserieromanar, ein sjangar eg til nå ikkje har lese noko særleg av. Etter å har gjort litt research, skjønner eg jo at denne utgåva ikkje er Gaiman si originale utgåve, men eg likte ho godt likevel.

Coraline bur i eit gammalt hus saman med mor og far. I dette huset finn ho, som Alice og som Lucy, ei dør til ei anna verd. Den nysgjerrige jenta går gjennom døra, der ho møter "the other mother" og "the other father" ei mor og ein far som har knappar til auge.

Etter at Coraline har åpna døra til det andre, blir ikkje verda slik ho eingong var. Coraline må tilbake til den andre verda for å redde seg frå den andre mora. Spenninga mellom "det eigentlege" og "det andre" er sterkt tilstades gjennom forteljinga. Denne spenninga blir stadig sterkare, etterkvart som "det andre" blir meir og meir skremmande. Spenninga blir også understreka og forsterka av dei detaljerte teikningane til P. Craig Russell. Eg får frysningar på ryggen av den andre mora si hand og dei dansande rottene. Spelet mellom skuggar og lys, mørkre og fargar er også med på å formidle historia om Coraline på ein veldig spennande måte.

Det blir ikkje siste gongen eg les verken Gaiman eller ein teikneserieroman. Og eg er veldig nysgjerrig på filmen, nå.

9 comments:

Eva said...

Godt for deg! Alle burde oppdage Neil Gaiman, både som teikneserieforfattar og bokforfattar.

torbjørn hauken said...

Og det er mye annet snaks å finne innenfor denne sjangeren, klarer ikke å la være å anbefale 'Epileptisk' av David B.

Bai said...

Då skal eg spørje biblioteket om dei har Epileptisk også. Dette er jo ein heilt ny måte å lese på, for meg - ein måte eg trur kan passe godt etter lange arbeidsdagar.

Karin said...

Jeg anbefaler The Graveyard Book, en av de beste bøkene i jeg leste i 2009. I tillegg elsker jeg filmen Stardust basert på boka, men jeg synes filmen er magisk (boka er også god da).

Bai said...

Det er notert, Karin. Takk for tips.

Elin said...

Jeg har ikke leste tegneserien av Coraline, men kunne godt tenke meg å gjøre det. Har bare lest orginalutgaven, som jeg fikk signert da den kom ut (Neil Gaiman var i Oslo på besøk da).

Mine Gaiman-favoritter er Neverwhere og American Gods som "vanlige" bøker, samt at jeg elsker Sandaman-tegneserien.

Mulig jeg har noe Gaiman ekstra i bokhylla hjemme, kan du ikke sende meg en e-post med adressa di, Bai, så kan jeg sende i posten (hvis jeg har). :-)

Bai said...

Eg er jo som sagt så lite oppdatert, at eg ikkje skjønte at teikneserien ikkje var originalen før eg begynt å google og leite etter coveret til boka på nettet. Men det var ein god teikneserie, eg anbefaler han.

Elles er jo tilbodet du kjem med så godt at eg ikkje kan la det passere.

eekageek said...

Ååå fine Neil Gaiman. Jeg har ikke lest tegneserieversjonen, men elska romanversjonen av Coraline! Nydelig, og skummel bok.

Så også at et av lese-forsettene dine for 2011 var å lese en novelle hver uke. Anbefaler Gaiman på det varmeste. Jeg foretrekker novellene hans framfor romanene, faktisk. Han har på hjemmesia si lagt ut en lenke til noveller man kan lese gratis:

http://www.neilgaiman.com/p/Cool_Stuff/Short_Stories

Det er jo et fint sted å starte? :D

Bai said...

Oi, takk for godt novelle- og Gaiman-tips!