Dec 30, 2010

Pakke i posten

Om 2-4 dagar får eg bokpakke i posten. Eg liker å få bokpakke i posten.


Eg har meldt meg på den nordiske samlesinga, som Knirk står bak. Vi skal lese bøkene som er nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris og blogge om dei, fram til prisutdelinga i april. Eigentleg skal Vågen av Harald Voetmann lesast og bloggast innan 2. januar, men med mindre dei 2-4 dagane blir til 1 dag, er ikkje gjennomførbart. Men boka skal lesast og bloggast så snart som mogleg.

Elles har eg eit teknisk spørsmål, dersom det er nokon som brukar Safari her. Er det eg som gjer noko gale, som ikkje får til å blogge via Safari, eller går ikkje blogspot og Safari saman?

4 comments:

labben said...

Blogspot og Safari har aldri vært en dårlig kombinasjon for min del. Kanskje du har andre innstillinger enn meg?

Hmm nei, jeg vet ikke. Det burde gå fint. Du får prøve deg litt frem og se om det fungerer etterhvert...

Gøy med nye bøker forresten. Jeg må begynne å lese Vågen snart =)

Bai said...

Eg får ikkje opp skrifttypar og bildeikon og liknande, når eg går inn på "new post". Også når eg er i "nye" bloggar, sånn som din, med kommentarfelt kor ein må velgje profil frå scrolldown-meny, verkar ikkje kommentarfeltet. Så nå vekslar eg mellom Chrome og Safari. Kan hende eg må sjå på innstillingar og slikt. Eg er ikkje så flink på sånt...

Eg gleder meg veldig til Vågen kjem i posten!

mbfjord said...

Hmm, jeg bruker Safari og har ingen problemer. Nå er min egen blogg på Wordpress da, og ikke Blogspot, men merker heller ingen problemer når jeg leser og kommenterer i Blogspot-blogger.

Handlelista di så fin ut, jeg skal henge meg på de tre siste bøkene på den nordiske samlesinga.

Bai said...

Det kan jo verke som om det er eg som manglar noko, då. Får forsøke å spørre google og finne utav det.

Morsomt at du også skal henge deg på samlesinga, etterkvart.