Dec 29, 2010

Din nestes hus


Din nestes hus
Jette A Kaarsbøl 2009
Oversatt av Trude Marstein
Cappelen Damm 2010
396 sider


Det begynner vel å nærme seg 6 år sidan eg las Den lukkede bok av Jette Kaarsbøl. Dette var ei bok som begeistra meg stort og som etterkvart fekk veldig gode kritikkar. I 2009 kom Kaarsbøl med si bok nummer to - Din nestes hus, som eg endeleg har fått lese. Eg har vore nysgjerrig på denne boka ei stund, både fordi eg likte debutromanen til Kaarsbøl så godt, og fordi det er delte meiningar om boka. For mens Knirk rosar boka la Janke ho bort, halvlesen.

I boka møter vi den landskjende arkitekten og forteljar-eget Laus Lindborg, som blir dregen inn i ei midtlivskrise, etter at faren døyr. Han reiser til bygda Store Randing, kor faren som også er arkitekt, har teikna eit bibliotek. Her skal faren gravleggjast. Laus blir kjend med presten Stig og den 20 år yngre kona hans Alma. Tilbake i København bestemmer Laus seg for å ta ein pause frå jobben, ekskjærasten Maj og elskerinna Claudia. Han reiser tilbake til St. Randing under påskot av å skulle jobbe med eit fotoprosjekt. Her innleier han eit forhald til prestekona Alma. Motivasjonen for Laus sitt oppbrot, er som Janke peikar på, uklar, som mange av dei andre vala Laus gjer. Dette er med på å skape ei kunstig distanse mellom meg som lesar og hovudpersonen, noko som går ut over lesaropplevinga og som gjer forteljinga mindre truverdig.

Forteljinga er forsøkt framstilt scenisk. Kaarsbøl viser fram epsiodar og viser kva Laus og dei andre karakterane seier og gjer. Innimellom får lesaren innblikk i Laus sine tankerekker, men då ser han ofte tilbake på scener frå tidlegare i livet. Dette er eit spennande grep, men eg opplever at det fungerer dårlig i denne romanen. Forteljinga får eit hakkete og oppstykka preg. Vi får vite svært lite om kva Laus eigentleg tenker og kva slags kjensler eg-personen har, noko som også gjer at samanhengane blir borte. Eg får ikkje forståing for Laus, handlingane hans og vala hans. Kombinasjonen med eg-forteljaren gjer at det blir ei avstand mellom lesar og forteljar, som eg opplever som forstyrrande.

Når det er sagt er Kaarsbøl sitt språk og mange av skildringane svært gode. Eg tar meg i å humre over formuleringar og eg lar meg røre av skildringane av einskilde bifigurar. Romanen gir for eksempel eit veldig truverdig og levande portrett av den fire år gamle prestedottera Emilie. Den overvektige tenåringsjenta Meggie blir også skildra på ein rørande måte, og eg blir glad i desse to jentene.

Eg har brukt over ein månad på å lese ferdig denne boka, og fleire gonger har eg vurdert å leggje ho bort. Forteljinga er hakkete og eg får ikkje heilt tak på hovudpersonen, som burde bære forteljinga. Samtidig er det mange flotte element, sterke karakterskildringar og morsomme uttrykksmåter, som driv romanen framover til tross for at forteljinga blir svekka av dei forteljartekniske grepa.

Om det var verdt tida det tok å lese ho ferdig? Eg er faktisk ikkje sikker.

2 comments:

Midifila said...

Eg orka berre litt meir enn halvparten ... Og eg elska "Den lukkede bok".

Bai said...

Men Den lukkede bok er jo god!