Dec 26, 2010

Bøkene eg ikkje fekk til jul

Eg skal ikkje klage over julegåvene mine. Eg er superfornøgd, ikkje minst med den fine macen som igjen gjer det mogleg å blogge. Eg blei også veldig glad for dunjakka eg fekk. Nå kan eg jo gå ut av huset utan å få frostskader. Og det viktigaste i jula i år er ikkje gåvene i det heile tatt. Det viktigaste er å ha god tid til å vere saman med dei ein er glad i, utan å stresse med jobb og anna kvardagsstress. Og å kjenne på saknet etter dei ein er glad i, men som ein ikkje lenger får vere saman med.

Likevel - eg ønsker meg alltid bøker til jul og eg får som oftast ikkje bøker til jul. Eg lurer på om dei tenker at det er kjedeleg å gi meg bøker, eller om dei er redde for at det ikkje skal falle i smak. Fleire av mine nærmaste har jo ved ulike høve sagt at eg er så kresen at dei ikkje vågar å kjøpe bøker til meg, fordi eg ikkje liker det alle andre liker. Det får eg ikkje til å stemme. Eg liker mykje av det andre liker, eg liker bare mykje meir enn det alle andre liker.

For å komme frykta for å kjøpe feil bok i møte, har eg begynt å sette opp ønskeliste. Ifjor sette eg opp ei lang ønskeliste, med bøker eg ville lese. Då tenkte eg at lista kanskje var for lang. I år sette eg opp ei kort og oversikteleg liste over dei bøkene eg ønska meg mest. Lista såg slik ut:

Bøker:
Jonathan Franzen ”Korrigeringer” og ”Frihet” (norsk eller eng.)
Paul Auster sine siste romaner (eng.)
Carl Frode Tiller: ”Innsnirkling 2”
Beate Grimsrud: ”En dåre fri”

Eg fekk ingen bøker i år heller. Og eg hadde eigentleg gleda meg til å lese Jonathan Franzen i romjula. Nå er det ikkje synd i meg. Nå som det store spareprosjektet eg har hatt i haust er blitt avlyst, kan eg godt kjøpe nokre av dei bøkene eg har lyst på. Men eg synest det er koseleg å få bøker også. Det er ei slik barnleg glede over det å åpne ein fint innpakka pakke og finne ei bok ein har lyst til å lese.

9 comments:

Rose-maries litteratur- og filmblogg said...

Og jeg skjønner deg så godt, så godt! Rent bortsett fra "En dåre fri", har jeg lest alt det andre du nevner - ja, også alt Paul Auster har skrevet. "Frihet" og "Korrigeringer" + "Innsirkling"-prosjektet til Tiller var blant min lesehøsts virkelig store happeninger. Dersom jeg hadde vært deg, ville jeg styrtet ut i romjula og rett og slett unt meg disse bøkene som en julegave til meg selv. Ja, gjerne trøstepremie, om det høres bedre ut ... ? ;-) Du har i alle fall ALL sympati fra meg!

torbjørn hauken said...

Litt merkelig det du opplever med tanke på hvor lett det er å bytte bøker! Jeg pleier alltid få noen, så også i år, da det ved foten av treet viste seg å ligge følgende:
-Franzen: Frihet
-Smith: Just Kids og
-Oksanen: Stalins kyr.
De to første har jeg lest, så i morgen skal jeg bytte. Fantastisk å gå rundt i bokhandelen og vite at en kan ta med seg to bøker kostnadsfritt - sannsynligvis blir det Grimsrud og Tiller, men jeg må nok titte litt først...

Bai said...

Rose-Mari: Så kjekt å høyre at desse bøkene er gode lesaropplevingar. Håper dei innfrir, når eg får tak i dei.

Thorbjørn: Det synest eg også - det burde jo vere ei grei gåve å gi. Og eg hadde ikkje blitt skuffa om eg hadde fått gavekort på bøker, heller.

Eg har lyst til å lese alle dei tre bøkene du har fått. Oksanen gjorde eit sterkt inntrykk i sommar, då eg las Utrenskning, så eg har stor tru på Stalins kyr.

Elin said...

Siden du ikke har noen kontaktinformasjon her, forsøker jeg meg på å legge igjen en kommentar her i håp om at du ser det i tide: Reprise av Emma på NRK1 kl 12.45!

annkolaas said...

Eg får heller aldri bøker til jul. Hjennom heile mitt 30-årige liv kan eg berre hugse å ha fått "Frida - med hjertet i hånden" av ei tante og "Bokhandleren i Kabul" av svigers. Merkeleg, ettersom dei fleste burde vere klar over mi leseglede.

I år er eg fornøgd med å ikkje ha fått bøker, for eg har brukt forferdeleg mykje pengar på bøker i det siste. Mammutsal neste:)

annkolaas said...

Gjennom ja.. Hehe:)

Bai said...

Takk for tips, Elin. Eg stod på kjøkken og gjorde klar mitt bidrag til eit tapasbord kl. 12.45, og rakk såvidt dusje før familieselskapet, men dog eit godt tips. Kanskje eg skal gjere noko med kontaktinformasjonen, ja.

Hanneles bok-paradis said...

kanske finns böckerna på biblioteket

Beatelill said...

Jeg fikk heller ingen bøker i julegave, lurer på hvorfor. Det er jo en kjempefin gave å få, og har jeg boka fra før eller ikke vil lese, så kan man jo bytte :) Jeg elsker å gi bøker i gave.