Freedom
Jonathan Franzen
Open Market Paperback, 2010
561 sider
Eg begynner å skjønne at når Torbjørn Hauken anbefaler ei bok, bør ho lesast. Og Freedom er ikkje eit unntak. Dei siste vekene har eg vore sterkt gripen av Jonathan Franzen sitt dystre og misantropiske univers.
Vi følgjer ekteparet Patty og Walter Berglund, deira vennekrets og ungane deira Joey og Jessica. I innleiingskapittelet er det ein utanforståande observatør som fortel om Berglund-familien si framtoning i nabolaget. I neste del er det Patty som har synsvinkelen, og vi får ta del i hennar oppvekst og studietida hennar fram til ho møter Walter. Og slik vekslar synsvinkelen vidare, mellom desse to, vennen og rockestjerna Richard Katz og sonen Joey. Forteljarteknisk er dette eit interessant grep, som styrer sympatiane til meg som lesar i ulike retningar. Eg ender opp med å eigentleg ikkje like nokon av karakterane, samtidig som eg får forståing for korfor dei handlar som dei gjer, og dermed ikkje klarer å mislike dei heller.
Patty er i utgangspunktet stjerne på basketballaget, medan Walter i utgangspunktet er ein idealist som leitar etter ei løysing på dei globale, økonomiske problema. Den egosentriske kvinna og den idealistiske mannen, blir stadig meir karikerte. Det stadig vanskelegare forholdet mellom dei to, står heile tida i sentrum for romanen. Samtidig tematiserer romanen, gjennom Walter sitt engasjement i miljørørsla dei globale problema knytta til overbefolkning og manglande ressurser. Walter si politiske overbevisning reiser ei rekke viktige spørsmål, sjølv om ho etterkvart driv den fugleelskande idealisten over i ein galskap som blant anna får utslag i ei patetisk krigføring mot kattane i nabolaget.
Gjennom dei mange, svært gode skildringane og det presise språket malar Franzen eit stort episk portrett av ei gruppe amerikanske gjennomsnittsmenneske som har fridom til å gjere det dei vil. Samtidig problematiserer han måten dei forvaltar denne fridommen på, både i eit globalt perspektiv og på eit mellommenneskeleg nivå. Freedom er ei stor lesaroppleving, sjølv om ho i periodar nesten fekk meg til å miste trua på mennesket.
1 comment:
Ja, til god bok!! Ha en god loerdags kveld!
Post a Comment