Jul 18, 2011

Kva skal du lese - veke 29

Det er mandag og tid for å planleggje leseveka. Kva skal du lese denne veka?

Eg held på med The Finkler Question av Howard Jacobsen, ei veldig morsomt og spennande skriven bok, om tre godt voksne menn som utforskar den jødiske identiteten sin. Tematikken er kanskje ikkje ny, men skrivemåten gjer denne boka til svært fornøyeleg lesing.

Elles har eg fleire bøker på lesebrettet mitt, som eg nemnde at eg skulle lese forrige veke, men eg trur eg er klar for ei papirbok eller to, når eg blir ferdig med The Finkler Question. Dei siste fire bøkene eg har lese har vore ebøker. Eg har The Sea av John Banville liggjande, saman med One Day av David Nicholls. Også har eg hatt A History of Love av Nicole Krauss ståande i bokhylla sidan i fjor sommar. Kanskje neste bok blir ei av dei? Akkurat nå er eg jammen ikkje sikker på kva eg har lyst til å lese, når eg er ferdig med den boka eg held på med.

4 comments:

linesbibliotek said...

Jeg har også "Kjærlighetens historie" stående langt frem i køen, og håper å rekke den før ferien er over. Den har jeg hørt så mye bra om at jeg er spent. David Nicholls-boken skal jeg anmelde i høst, og det gleder jeg meg veldig til. Hvis du kommer meg i forkjøpet, får jeg heller la meg inspirere av omtalene dine!

Ingrid said...

Den här veckan ska jag försöka ta mig an Kerstin Ekmans "Gör mig levande igen" (den har hög prioritet i alla fall).

Anonymous said...

Denne uken her har jeg startet på boken jeg ikke rakk å starte på i forrige uke, også har jeg en serieroman liggende klar. :)

http://leserommet.wordpress.com/2011/07/18/hva-skal-du-lese-uke-29/

Bai said...

@Line: Eg har ein tendens til å planleggje å lese meir enn eg faktisk les, så vi får sjå om eg kjem deg i forkjøpet eller ikkje. Men denne planleggjinga er jo litt morsom, den også.

@leserommet:Eg les ofte dei bøkene eg ikkje rakk lese forrige veke.