Sep 17, 2011

Å blogge eller ikkje blogge

Den siste tida har eg tenkt mykje på kva eg vil med bloggen min. Eg har ikkje hatt så mykje å skrive om. Eg har sakna inspirasjon og idear. Også har eg hatt dårlig samvit for at eg ikkje har hatt så mykje å skrive om. Eg liker jo bloggen min og eg liker fellesskapet som oppstår, med dei andre bloggarane. Men det kjennest som om det er litt tomt for nye idear.

Eg vil jo gjerne ha fleire faste oppdateringar i veka, oppdateringar som lesarane kan rekne med, oppdateringar som er nye og spennande og som gir høge lesartal. Men eg finn dei ikkje. Dei kjem ikkje til meg, like ofte som før. Kan hende dei spennande og interessante refleksjonane og kommentarane og behovet for å skrive dei ned og dele dei, kjem tilbake. Men enn så lenge er dei borte. Det har stressa meg litt, eg synest jo bloggen er fin. Men eg har bestemt meg for at eg ikkje vil at det skal stresse meg. Dette skal vere eit overskotsprosjekt, ikkje eit pliktprosjekt. Og når det blir meir plikt enn overskot, er det noko som ikkje er som det skal vere.

Eg kjem heilt sikkert til å komme innom med litt sporadiske oppdateringar, framover også. Men eg skal slutte å ha dårleg samvit for at eg ikkje kjem på noko spennande å skrive, kvar veke. Det må jo vere greit å ikkje skrive så mykje alltid, også. Og kjenner eg meg rett, kjem nok ideane tilbake, og då vil det brått bli meir livleg her igjen. Enn så lenge, tar eg det litt med ro.

Når det gjeld novelleutfordringa, har eg lova dykk ei premie. Den står ved lag. Ved årsskiftet skal det kårast ein vinnar, med loddtrekning, blant dei som har fullført. Bare så du veit det. 

11 comments:

linesbibliotek said...

Jeg kjenner igjen følelsen, men tenker at det kan være en litt "falsk" følelse. Grunnen til at jeg liker de bokbloggene jeg liker, er i hvert fall ikke fordi de fornyer seg med jevne mellomrom. Tvert imot er det gjenkjenneligheten i hver enkelt bloggers stil og fokus som fanger min nysgjerrighet; det at alle er så forskjellige.

Innleggene dine er gjennomgående reflekterte og interessante, og du gjør utrolig gode lesninger av tekstene du skriver om. Med stort pluss for at du skriver om flere sjangre enn bare romanen.

Blogg blir best når man skriver akkurat det man vil, tror jeg, og så får oppfinnsomheten komme når den kommer. Det er litt av sjarmen med bokblogging, at det skal være et overskuddsprosjekt.

Jeg håper blogglysten din melder seg med full kraft igjen snart!

torbjørn hauken said...

Veldig enig med linesbibliotek! Jeg har jo fulgt deg en stund, både fordi du har et svært godt blikk når du leser, og fordi du er kreativ, men jeg har jo ikke unngått å tenke i blant at du synes å være veldig ambisiøs mht hva du setter i gang og hvor mye du gjør på en gang her på bloggen, som tross alt bare er en liten del av livet ditt, tror jeg (og slik bør det vel være!)Jeg håper du ikke blir helt taus, men at du blogger når du har lyst - punktum!

Anita said...

Kan bare istemme med de andre her jeg...

mostraum said...

Vil berre støtte dei andre kommentatorane. Eg likar bloggen din og trur at den er best når den du skriv når du er inspirert.

Ingrid said...

Jag förstår hur du känner, tror jag. Ibland får man helt enkelt ta en paus och ladda batterierna. Bloggandet ska vara ett nöje och inte en plikt, som du säger. Ibland finns inspirationen helt enkelt inte där. Jag har saknat och saknar dig mycket- men den som väntar på något gott väntar inte för länge. Ta det med ro- och jag ser fram emot dina inlägg när du har tid och lust!

Lena said...

Eg veit akkurat korleis du har det. Blogginga kjennest ikkje heilt riktig ut for meg heller i desse dagar. Det er som om eg har gått litt tom, og det å skulle skrive om absolutt alt eg les blir eit ork. Men eg vil likevel skrive nokre ord om kvar bok, om ikkje anna så for mi eiga skuld. Eg er utruleg dårleg til å lese og kommentere bloggar no om dagen også.

Eg håpar du held fram med blogginga, for eg er overbevist om at bloggelysten kjem attende for fullt ein dag. Vi er her, vi:)

lise said...

Takket være følger-funksjonen, går det helt greit å blogge sjelden. Helt flott, synes jeg. Det er jo helt naturlig at bloggelyst og andre interesser går litt i bølgedaler.

Hold på, fortsett - og så vil jo tiden vise hvor bloggen (og alt annet...) ender.

Knirk said...

Nettopp. Ja. Hm. Sånn er det. Sukk. Fine boklesebloggen.

Elin said...

Flott at du har bestemt deg for å ikke ha dårlig samvittighet, for det er jo bare tøys. Bedre med kvalitet enn kvantitet! Skriv når du føler for det.

PS: Ny adresse til bloggen min! Lenke i navnet mitt.

Janke said...

Uff - forsvinner du også? jeg liker bloggen din veldig godt!

enligt O said...

Det går inte alltid att finna inspiration, men jag hoppas att du inte försvinner helt. Ta hand om dig!