Dec 14, 2008

John Ajvide Lindquist - La den rette komme inn

La den rette komme inn
Cappelen 2005
521 sider



Eg har lese ei bok på over 500 sider på ei veke. Eg har ikkje vore sjuk og sengeliggande, eg har ikkje hatt ferie og eg har heller ikkje vore heime og lese meir enn normalt. Men, for å bruke ein oppbrukt klisje i bokomtalar, som eg aldri sjølv hadde trudd eg skulle komme til å bruke, La den rette komme inn er ei bok det verkeleg er vanskeleg å legge frå seg. Sånn heilt på ordentleg. Når eg leser på senga pleier eg vanlegvis å sovne etter ein halvtime, men medan eg har lese La den rette komme inn har eg blitt liggande på sengekanten i timasvis fordi eg bare ikkje kan sovne akkurat nå, det er jo så spennande.

Boka handlar om 12 år gamle Oscar som bur i Blackeberg, ein historielaus drabantby og forstad til Stockholm, og dermed kan ho kallast ein oppvekstroman. Oscar har ei mor som bare vil han godt, ein ansvarslaus og alkoholisert far og han bur i ei blokkleiligheit i Blackeberg i 1981. På skulen blir han mobba på det grovaste, og han har ingen kamerater. Einsemd er eit sentralt tema i historia til Oscar og i romanen elles. Ein dag blir Oscar kjent med ei jente, Eli, som er veldig annleis enn alle andre han kjenner. Ho løyser Rubicks kube på eit blunk, og det er noko med henne som av og til gjer at ho får eit annleis uttrykk i auga.

Historia om Oscar og Eli og det spesielle vennskapet mellom dei to, er også ein kriminalroman i den forstand at det ganske tidleg i romanen blir introdusert eit funn av eit lik. Ein gut er funne hengt opp ned i eit tre, halsen er kutta over og han er tømt for blod. Etterforskarane leikar lenge katt og mus med denne såkalla "ritualmordaren", som etterkvart krever fleire offer. Som lesar får ein tidleg innblikk i ein samanheng som er fjern frå dei ulike forteljande stemmane i romanen.

Boka er også ein grøssar. John Ajvide Lindquist har forsøkt å sette seg inn i korleis det må vere å leve, dersom ein skal leve av menneskeblod. Og i sentrum av historia om Oscar og Eli sitt vennskap og historia om dei mystiske overfalla og drapa, er historia om det å leve eit liv som ikkje toler dagslys, verken i konkret eller overført meining. Det som gjer denne boka veldig spesiell innafor grøssarsjangeren, er at vi tidleg i boka får sympati for vampyren og for dei som står denne nær. Dei skrekkslagne folka som er redde og som ikkje forstår, blir bipersonar eller småkomiske figurar som står i bakgrunnen for forteljinga, som politimannen Staffan og sjukehuspersonalet. Desse forsøker som best dei kan, gjennom forpliktingane dei har gjennom yrka sine å håndtere den uoversiktelege situasjonen i lokalmiljøet. Men dei har ikkje forstått kva som eigentleg hender, og dermed blir deira rollar svært komiske. Dermed er grøssarsjangaren snudd opp ned. Det er ikkje dei uskuldige folka mot det fryktelege og ukjende, men snarare den uskuldige vampyren, som jo ikkje kan hjelpe for at den er smitta, mot dei dumme og uforståande folka. Også her er einsemd eit sentralt tema. Men denne gongen den einsemda vampyren kjenner når den må leve i skjul.

Nokre av skildringane er så tydelege og detaljerte, så konkrete og sanselege, gjennom synsinntrykk, lukter og lydar at det nesten er vemmeleg å lese. Likevel er denne såre undertonen og måten forfattaren har styrt sympatiane til lesaren med på å hjelpe meg med å halde ut det groteske og det skrekkelege i denne romanen. Romanen har mange forteljarstemmer, sjølv om Oscar si stemme er den klaraste og mest dominerande. Desse forteljarane er alltid dei som er annleis og dei som er utstøtt. Ei gruppe mellomaldrande alkoholikarar på den lokale kinesiske kroa blir trukke inn i handlinga, også desse er litt utanfor normen for korleis folk flest skal leve. På mange måtar blir dei skrekkelege og grusomme skildringane litt underordna i den heilskaplege opplevinga av romanen, fordi det er desse såre og einsamme forteljarane som står i sentrum heile tida.

Resultatet er ei god bok. Og ei intens lesaroppleving, som har gjort inntrykk.

1 comment:

CassandraMortmain said...

Takk for tipset! Denne høres spennende ut, kanskje kommer den på leselista mi for 2009.