Dec 15, 2008

Ei trist melding

I dag tidleg våkna eg, som alle andre her i landet, til overskrifta om at Anne-Cath Vestly døydde i natt. Ho har vore sjuk lenge, likevel er det trist. Eg har aldri møtt denne flotte dama, likevel er ho ein viktig del av min barndom.

Saman med Ole Aleksander Filibombombom lærte ho meg å lese. Eg hugser det ikkje sjølv, men eg har blitt fortald at dette var den første boka eg las på eiga hand. Det eg aldri kjem til å gløyme er historiane om Ole Aleksander Filibombombom, den vesle guten i den store byen.







Seinare var Lillebror og Knerten med på å halde lesegleda ved like. For ikkje å snakke om turgleda, då vi var ute i skogen og leika. Både meg og søster mi kom ofte heim med kvar vår "Knert". Det var ikkje alltid vi klarte bli einige om kven av dei som var mest ekte og hadde finast armar og bein, men dei var alltid med heim frå skogsturane våre.



Eg har mange andre gode minner frå Anne-Cath Vestly sine bøker, Aurora og Sokrates som flytter til Kabelvåg, der dei får ein tørrfiskvenn som heiter Stokkafisso, og Mormor og dei åtte ungane som kjører på lasteplanet på bilen.

Eg synes det er trist at Anne-Cath Vestly er daud. Likevel er eg glad for alt det ho har gjort for lesande ungar gjennom fleire generasjonar. Sjølv om ho nå eg borte, veit eg at bøkene hennar vil leve vidare, og stadig nye born vil få glede av dei. Dette er ei dame som har utretta mykje på dei 88 åra ho har levd. Og eg håper ho vil få bety mykje, for mange framover også.

No comments: