Dec 19, 2008

Også kom krigen...


Tidlegare i haust var eg på eit forfattarmøte med Gaute Heivoll som denne hausten har gitt ut den dokumentariske romanen Himmelarkivet. Gjennom romanen forteljer han historia om Louis Hogganvik, som blei arrestert i heimen sin i januar 1945, og som tok livet sitt etter bare 9 dagar i fengsel. Under dette intervjuet sa Heivoll noko om at vi lever i ei brytningstid, kor minnene om krigen og tidsvitna er i ferd med å døy ut, noko som blei stadfesta av kulturredaktøren i Dagsavisen på leiarplass i dag. Snart har vi bare andregenerasjonsforteljarar som kan fortelje oss om denne tida, kor kvardagen så brått forandra seg for store og små nordmenn.

Mine besteforeldre har fortald meg om at dette var ei vanskeleg tid. Dei var unge, men likevel hugser dei mykje frå desse fem åra, då alt var så annleis. Om eg får born nokon gong, vil deira besteforeldre såvidt kunne gjenfortelje kva foreldra deira har fortald. Mine barnebarn vil ikkje ha besteforeldre som veit kva det vil seie å ikkje leve i eit fritt land, håper eg.

Når vi snakkar om krig og elende i her i landet, er vi snare om å minne kvarandre om at vi er då heldige vi, som bur i eit fritt land. Men veit vi eigentleg å verdsette dette? Vi har jo alltid budd i eit fritt land?

Det er 68 år sidan krigen kom nå. Dei som var over 20 år då, nærmar seg 90 nå. Dei begynner å bli gamle, om dei framleis lever. Gaute Heivoll sa det nærma seg "siste sjanse" til å skrive ned historia om dei vanskelege åra, fortald gjennom dei som framleis lever. Og denne hausten har vi sett at det har blitt lansert mange forsøk på å fortelje denne historia.


Allereide før premiæra er filmen om motstandshelten Max Manus blitt den mest omdiskuterte norske filmen i år. Til og med Tikken Manus, som stod midt i historia som er festa til lerettet har rosa denne filmen for å vere ekte og usentimental. Hans Majestet kong Harald var rett nok misnøgd med at Aksel Hennie ikkje likna på Max Manus, men han var også fornøgd med filmen, elles.


Men ikkje alle har vore like begeistra for filmen. Erling Fossen gjekk ut i Aftenposten forrige veke og kritiserte glorifiseringa av mostandskampen:

"Hovedgrunnen til at vi glorifiserer motstandsbevegelsen er for å dekke over den bedrøvelige norske krigsinnsatsen. Norges konvensjonelle krigføring var rett og slett latterlig svak. Forsvaret var i en bedrøvelig tilstand etter mange år med nedrustning, og besto i realiteten av skrapjern, tøyfiller og soldater som knapt visste foran og bak på et gevær."

Historiane frå krigen har blitt fortald av dei som overlevde. Historiane om dei som kjempa har blitt fortald på ein slik måte at dei har fått sin rett, dei som reiste frå familiar og gav opp alt, for å forsvare fedrelandet. For det var jo det dei gjorde. Og det skal heidrast. Kan hende kunne det heile vore langt meir nyansert, som Erling Fossen etterlyser. Men er dette måten å gjere det på? Han går til angrep, gjennom å kritisere ein film som vi vanlege folk ikkje har fått sjansen til å sjå endå, på dei som forsvarte landet, 20 år før han sjølv blei født. Korleis kan han vite så mykje meir enn alle oss andre, som har lese dei same historiebøkene som han, om kva som skjedde på den tida?

Eg trur dei som kjempa den gongen fortener å bli glorifiserte. Og sjølvsagt er det nyansar. Heivoll har fortald ein av dei nyanserande historiene, om antihelten, som ikkje sloss for landet sitt, som ikkje haldt ut i fangenskap, men som rett og slett tok livet sitt etter ni dagar med motgang. Dette er ei fruktbar nyansering av historia. Det er ikkje Fossen sitt utspel.

Eg er glad for at bokhausten bugnar over av krigshistorie, av forteljingar om Gunnar Sønsteby, Jens Chr. Hauge, Kirsten Flagstad, Louis Hogganvik og Max Manus. Det er viktig å få fortald desse historiene, medan vi framleis har folk hos oss som kan korrigere biletet og kommentere det som blir fortald.

Eg gleder meg til å sjå filmen om Max Manus. Og eg er glad for at nokon tek seg bryet med å fortelje meg historiane får denne vonde tida, dei historiane som gjer meg grunn til å glede meg over at eg får bu i eit fritt og trygt land.




No comments: