May 30, 2010

Bokbytting?

Eg har tenkt litt på at bokbloggmiljøet har blitt eit slags sosialt nettverk, kor vi kjem med tilrådingar og frårådingar av bøker vi synest andre bør og ikkje bør lese. Eg lurer på om det er stemning for å trekke tilrådingane litt lenger, gjennom eit bokbytteprosjekt?

I tilfelle kan det gjerast slik at vi setter ein frist for påmelding, og så sender dei som vil vere med inn adressene sine. Deretter organiserer eg slik at alle får kvar si adresse, også kan vi sende ei bok vi gjerne vil anbefale til denne adressa (då kan ein jo gjerne sende eit brukt eksemplar, slik at lista ikkje ligg så veldig høgt økonomisk for å delta, eller eit nytt eksemplar dersom ein ikkje klarer å kvitte seg med gode bøker), med ei helsing frå avsendar.

Etterkvart som bøkene er lesne, kan dei bloggast, og kanskje kan dette vere ein ny måte å oppdage både nye forfattarskap og nye bloggar på.

Dette er bare lause tankar, men dersom det er stemning for det, kan eg sette opp eit litt klarare "regelverk" for bokbytteprosjektet. Kan eg få eit uforpliktande "Ja, dette var ein god idè", eller "Nei, noko slikt ville eg ikkje gidda bli med på" i kommentarfeltet?

13 comments:

labben said...

Jeg syns dette var en veldig fin idè, og vil gjerne være med =)

Bai said...

Så bra! Då kan jo vi to bytte bok, viss ikkje fleire blir med ;)

Stine said...

Dette hørtes ut som en kjempeide! Jeg leser jo mange bokblogger og ser det blogges om bøker og forfattere jeg aldri har hørt om, så ja, ja, JA! :D

torbjørn hauken said...

Er alltid hyggeleg å få bøker, men som du sjølv skriv, fungerer jo denne bokblogginga allereie som ein stor bokbørs, og det er jo ikkje akkurat problematisk å få tak i dei fleste bøkene (sjølv brukar eg biblioteket ganske flittig), så med fare for å vere veldig negativ vil eg gjerne bruke portoen når/om eg kan hjelpe noen med noe dei ikkje finn på anna vis...

Bai said...

Inga fare for å verke negativ, her. Det var ei lufting av ein ide, og eg bad om ærleg respons.

Bai said...

Og forresten Stine, takk for entusiasmen.

kristin said...

Synes dette er fine tanker – men som thauke sier blir portoen litt kjip... Har sendt ut noen premier fra bokmerker, og det blir fort mer penger enn man ønsker seg. Men jeg er uansett med, bøker er gøy.

Hva med et bokblogger-møte, kanskje et kafebesøk en lørdag? Jeg vet jo at mange er spredt over landet, men i Østlandsområdet klarer man kanskje å samle endel? Jeg er gjerne med i arrangementskomiteen for noe slikt :)

Ingalill. said...

Som fersk men ivrig bookcrosser bytter jeg allerede ivrig bøker, har også blitt med på noen bokringer - men skriver under på - som nevnt - at det fort blir dyrt.
- ofte billigere å bestille boka på nett å motta den portofritt enn å sende den rundt i ring.

MEN - bokbloggermøter blir jeg gjerne med på.

Bai said...

Eg ser poenget med at porto fort blir dyrt (det blir jo dyrare enn å skulle betale purregebyr for alle bøkene ein låner på biblioteket).

Eit treff hadde vore veldig moro! Det var ein veldig god ide, Kristin. Eg kan også arrangere, saman med deg.

Anonymous said...

Jeg er gjerne med på bloggetreff hvis anledningen byr seg :-) Og gratulerer som lektor, husker godt hvor stor stas det var!

Elin said...

Det er jo slikt man har BookCrossing til!

(Man kan bytte bøker på forumet der, f. eks.)

Kristin H said...

Skulle gjerne vært med men NY blir vel litt langt unna.
Lykke til med det fine tiltaket!

Kasiopeiia said...

Enig - god idé!