Sapphire
Vintage books, 2010.
137 sider
Eg har lese boka bak kinofilmen Precious, som eg har fått låne av Ugla. Det har vore ei sterk bok som eg har brukt lang tid på.
Boka fortel historia om Claireece Precious Jones, ei 18 år gammal jente som er gravid for andre gong. Første dottera, den utviklingshemma jenta Lill' Mongo, fødte ho då ho var 12. Begge graviditetane er eit resultat av faren sine overgrep. Precious bur saman med mora, som reagerer på faren sine overgrep med sjalusi og sinne mot dottera. Boka startar med at Precious blir kasta ut få den offentlege skulen, fordi ho er gravid. Ho får hjelp til å komme i kontakt med Miss Rain, ein lærar som underviser ei lita gruppe analfabete elevar i Harlem. Miss Rain har tru på Precious, noko som fører til at Precious etterkvart viser store framsteg. Samtidig med at sonen Abdul blir født, lærer ho å lese og skrive. Etterkvart kjem ho seg vekk frå heimen og begynner å drøyme om eit betre liv for seg sjølv og borna sine.
Boka er sterk. Og samanlikna med andre bøker som fortel liknande historier, er ho overraskande klisjefri. Forteljinga Precious fortel, har eit stream-of-counciousness-preg, og verkar som ein lang monolog, med stadige sprang mellom fortid og nåtid. Den oppbrotne kronologien og mangelen på struktur, er med på å gi eit inntrykk av ei ekte forteljing, frå ein person til ein anna. Også språket i boka er med på å byggje opp om fortejinga si autentisitet, og gjere ho truverdi og ekte. Språket gjenspeglar Precious si gradvise utvikling frå analfabet til lesedyktig. Dei tidlege avsnitta er krevande å lese. Mange av orda er skrivne lydrett, noko som gjer at eg må lese "høgt" for å få tak i teksten:
"Precious! Precious!" my muver hollering but my head not here it in four years when I had the first baby. I was standing at this sink when the pain hit me, and she hit me.Etterkvart som Precious lærer å skrive, begynner ho å skrive dikt. Tekstane minner om rap-tekstar, med sitt enkle innhald og klare rytmar. Desse dikta, som er innfelde i romanen, er fulle av håp. For sjølv om historia om Precious er ei grusom historie, som tidvis er vond å lese, er ho full av håp om ei betre framtid for denne jenta:
"Precious!"
My hand slip down in the dishwater, grab the butcher knife. She bedda not hit me, I ain' lyin'! If she hit me I will stab her ass to def, you hear me!
"Precious! You done lost your mind? Just standing up there staring into spaces. I'm talkin' to you!"
Like thas something.
"I was thinkin'," I say.
"You thinkin' while I'm talkin' to you?"
She says this like I'm burnin' hunnert dollar bills.
(s. 13)
mornin
by Precious Jones
Mornin is a rooteen
up at 6 a. m.
wash teef, dress
wash Abdul teef, face, booty
dress him
Breakfast for kid
we go to ktichen
fix him someting
good from what's there
what's there for baby
is good
oatmeal
cream wheat
rice cream
appul sauc
or egg toast
bacon I don't let Abdul eat bacon
Put Abdul wif a kiss
in nother woman arms
rootine b
r
e
ak
i run get dress
fix tea (don't like coffee)
grab books
walk
mornin wet the streets
amung the vakent trees
is secrit plots
of green diamonds
call grass.
10 comments:
Jeg leste Precious da den først kom på norsk, og den opplevelsen sitter i enda. En annerledes bok og en engasjerende historie.
spennende - har ikke hørt om denne, men ble nysgjerrig.Minner det litt om toni morrison, kanskje? harlem osv..?
Eg skammar meg litt over å innrømme at eg ikkje har lese Toni Morrison, endå. Eller, eg kjøpte Nåde på norsk, og blei så irritert over oversettinga, at eg la ho bort etter 10 sider. Så eg har tenkt å skaffe bøkene hennar på Engelsk.
Kanskje du ville likt "Det Lila sa" av Chimo?
Den skal eg notere meg, Norunn. Takk for tips.
Har sett filmen. Utrolig sterk. Tror ikke jeg hadde klart å repetere historien med en bok! Tanken på at denne historien ikke er unik i seg selv er fryktelig.
Ha en god helg:)
Eg tenkte akkurat det same om film og bok, bare omvent - eg trur ikkje eg orkar å sjå filmen. Boka er så sterk, og eg veit ikkje om eg klarer å forhalde meg til denne forteljinga, visualisert på eit lerret.
Det at denne historia ikkje er unik, er grusomt, Kristin. Bakerst i boka, er det eit slags appendix, kor historiene til fleire av dei analfabete jentene Precious møter hos Miss Rain blir fortalde over nokre sider. Det gjer det så tydeleg at det finnest så mange slike historiar. Og det er vondt å tenke på.
Denne skal eg kose meg med i kveld. Filmen altså.
Skreiv eg kose meg? Trur eg må omformulere. Filmen var god. Sterk og grusom.
Eg skulle til å kommentere det, då eg såg første kommentaren din, at dette klarer eg ikkje tru er typen film ein koser seg med.
Post a Comment