May 12, 2010

Carsten Jensen på Litteraturhuset

I kveld har eg vore og høyrd Carsten Jensen halde foredraget "Hva f... skjedde med Danmark" på Litteraturhuset. For det første var det godt å vere ute blant folk. For det andre var det veldig interessant å høyre han snakke om kor lite dejlig det er å vere utledning i Danmark, så lenge dei høgreekstreme men samtidig populistiske haldningane er så sterke som dei er.

Han snakka mellom anna om Muhammed-karikaturane og om korleis diskusjonen omkring teikningane har blitt ein diskusjon omkring ytringsfridommen. Også stilde han spørsmål med kor vidt ytringsfridom betyr at vi skal omfavne ei kvar ytring, ukritisk til innhaldet. Eg syntest det var fint å høyre nokon seie akkurat dette. Eg har tenkt mykje på akkurat dette, både i samband med Muhammed-karikaturne og i samband med diskusjonane som gjekk kring blasfemiparagrafen for ei tid sidan. Retten til å ytre har blitt viktigare enn respekta for andre menneske og andre kulturar. Carsten Jensen har rett, det er forskjell på å ha ytringsfridom og på å latterleggjere det som er viktig for andre folk. Når det er sagt, meiner eg ikkje at drapstrugslar er ein god måte å svare på. Men det er påfallande at ein så liten del av diskusjonen har handla om innhaldet i desse teikningane. Det var trass alt innhaldet som starta det heile.

Jensen snakka om mykje anna viktig, også. Eg trur eg liker denne mannen. Eg har Vi, de druknede, i ei eller anna pappeske. Eg trur eg skal spa henne fram og lese ho.

5 comments:

torbjørn hauken said...

Ja, les Jensen, ikkje minst essayisten!

Heidi said...

Jeg har tenkt mye av det samme. Skulle gjerne vært der!

frksnupp said...

Enig! "Vi, de druknede" er forresten veldig god. Jeg har ikke fått lest noe mer av mannen, men det står på lista.

Bai said...

Ja, eg fekk veldig lyst til å lese essaya hans!

Karin said...

Vi, de druknede er stor fortellerkunst. Det er den eneste boken av Jensen jeg har lest. Jeg likte den, men falt først og fremst for fortellermåten. Det skriver alt for lite slike fortellinger i dag synes jeg.