May 24, 2010

Lyrikk på ein (forseinka) søndag - H

Lyrikkutfordringa mi blei forseinka denne veka. Dette skuldast delvis fysiologiske problem hos skribenten (som alltid blir like slått ut av kraftig spreiing av bjørkepollen på denne tida av året, men som likevel aldri lærer å innta dobbel dose allergitablettar tidleg nok) og delvis tekniske problem på skribenten sin pc (som nå heldigvis er så god som ny).

Nå er både eg og pc'en velfungerande igjen, og vi er klare med bokstaven H.

1. Haiku er eit kortfatta japansk dikt, med strenge formkrav. Det skal ha 17 rytmiske einingar, fordelt på 3 linjer: 5 i første, 7 i andre og 5 i tredje. Haiku-diktninga har inspirert moderne europeisk og amerikansk diktning, som Ezra Pound og beat-poetane.
Presenter eit haikudikt eller eit haiku-inspirert dikt.

2. Historisk-biografiske metode er ein lesemåte som knytter tekst tett opp til forfattar og forfattarbiografi. Moderne litteraturvitskap har stilt seg kritisk til denne lesemåten, men likevel er det stadig diskusjonar om korvidt ein kan lausrive teksten heilt frå forfattaren som har skrive han, eller ikkje. Kva tankar gjer du deg om dette?

3. Presenter eit dikt av ein forfattar på H.

Eg håper de framleis er med, sjølv om det blei mandag denne veka!
--------

1. Eg vil presentere eit haikudikt av Ezra Pound. (Eg er fascinert over kor få ord som skal til, for å uttrykke ei stemning).

In a station of the Metro
The apparition of these faces in the crowd:
Petals on a wet, black bough.


2. Når det kjem til spørmålet om historisk-biografisk lesemåte, er eg delt. Ofte synest eg det er spennande å lese dikt (og andre tekstar) av forfattarar som eg ikkje veit nokonting om. Og eg blir ofte irritert, når eg har lese ein tekst og får høyre at "det betyr jo sånn og sånn og sånn, for det har onkelen til ein eg kjenner som veit kven forfattaren er sagt". Eg trur ikkje på å fastlåse betydningar, og i alle fall ikkje til å knytte dei til biografien til forfattaren.
Samtidig er forfattaren ein del av den diktariske prosessen. Og eg trur det er litt naivt på andre sida å strekke nærlesingstrikken for langt. For fofattaren har ei viss relavans i forhald til teksten. Men då tenker eg kanskje meir på det Erling Aadland i fleire artiklar har kalla "forfatteren som dikterisk kreativitet". For eg trur forfattaren sitt eg er ein del av den kreativiteten som fører til at teksten blir som han blir. (Dette er forøvrig noko eg synest er veldig spennande å diskutere, så her håper eg på mange spennande svar!)

3. Eg har veldig sansen for Piet Hein sine "Gruk", og dette er eit av mange herlege:

CONSOLATION GROOK

Losing one glove
is certainly painful,
but nothing
compared to the pain,
of losing one,
throwing away the other,
and finding
the first one again.

7 comments:

Pandora said...

Jeg tror man skal være forsiktig med å anta at diktet hander om "det og det" ut fra livet til forfatteren, men som du sier så har jo dikteren en relevans i forhold til teksten. Jeg titter som regel på forfatterens liv og den litteraturhistoriske perioden når jeg skal analysere og tolke et dikt, men prøver samtidig å være litt foriktig med det. Det er jo det som er så spennende med dikt; mangfoldet. Uansett om man vil se det i lys av forfatterens liv så kan det være like aktuelt å tolke det ut fra tiden vi lever i.

Det er jo mange diktere som ikke har hatt noe spesiell "dyp" mening bak et dikt. Jeg tror det var Goethe som skrev Wanderers Nachtlied II i en vinduskarm i en gammel hytte etter en skogtur, uten at det skulle ha noe mer dypere mening enn å skrive om "en gåtur i skogen". Når han kom tilbake til det samme stedet når han hadde blitt eldre, tolket han det han selv hadde skrevet på en helt annen måte. At de siste verselinjene kunne handle om døden. Syns det er litt spennende å tenke på.

Veldig fin blogg, foresten :)

Bai said...

Eg er veldig einig i det du skriv, Pandora. Eg har også lett for å sjå på kontekstuelle faktorar, når eg skal seie noko om eit dikt. Samtidig liker ofte lesningar som er frigjorte frå det kontekstuelle (anten det er historisk periode eller biografiske fakorar eller andre ting) er betre enn dei som heng seg for mykje opp i kontekst. Eg er veldig for å ta teksten som han er og sjå på det umiddelbare, det eg oppdager og opplever idet eg les teksten for første gong.

Det eksemplet frå Goethe er jo eit veldig godt eksempel på akkurat det.

thauke2 said...

Hai Bai, mai sai hai okai! Det er alltid spor etter diktaren i diktinga, men kva som kjem ut av å føgje desse spora vil vere av høgst ulik verdi frå forfattar til forfattar, vil eg meine.

Bai said...

Så moro å bli møtt med rim på morgakvisten!

Eg trur også alltid det er spor etter diktaren i eit dikt. Men kva slags spor er det du tenker på? Tenker du spor etter forfattaren som diktar, eller tenker du spor etter livet og samtida til forfattaren? Og korleis vurderer du kva spor det er frukbart å følgje eller ikkje?

thauke2 said...

Nei, sjå der kom du med spørsmåla som gjer det vanskeleg, men og veldig interessant. Ein kan vel ikkje anna enn å bruke den eldgamle metoden; magekjensla.

Petter Malmberg said...

Mitt bidrag är här.

Jag gillade Hein-dikten (Pound-dikten också, men den har jag läst förut).

Gunhild said...

Jeg kommer diltende etter med mine svar på H her: http://wp.me/pMA6w-hu

Må også si, Bai, at dette synes jeg er skikkelig fint og interessant :)