Eg er ein fordomsfull lesar. Eg styrer unna visse bøker, sjangrar og forfattarnamn, fordi eg ikkje trur dei har høg nok kvalitet til at dei er verdt å bruke tid på. Og dersom eg i periodar får det føre meg at eg skal lese desse bøkene, sjangrane og forfattarane, bortforklarer eg det.
Fleire gonger har desse fordommane vist seg å stemme. Bøker som blir omtala som "ei sterk og rørande historie" eller "ei tåredryppande og kjensleladd lesaroppleving" på coveret, gjerne kombinert med ord som "basert på ei historie frå verkelegheita" eller "ei historie frå nåtidas ... " har eg slutta å lese. Dei faller sjeldan i smak. Det er mest fordi språket er for prega av at dette skal vere ei rørande forteljing, og ingenting meir. Og dei gongene eg av ulike grunnar har late meg overtale til å lese bøker som er basert på ei sann forteljing frå verkelegheitas eit-eller-anna, har eg som oftast ikkje komme gjennom dei. Bøker som reklamerer med at dei kunne vore ei sann forteljing, men som likevel ikkje er det, er endå verre. Desse bøkene handlar ofte om tragiske oppvekstar, dårlege vilkår for oppvekst, vonde relasjonar til foreldre eller fattigdom og eit samfunn som ikkje behandlar den forteljande rett. Tusen strålende soler og Little Bee er to eksempler på slike. Dei gir seg ut for å skulle seie noko sant om ein viktig tematikk, og dei når fram til store lesargrupper. Men dei apellerer av ein eller anna grunn ikkje til meg.
Derfor er det litt underleg at eg akkurat nå har to bøker på nattbordet mitt. Begge er baserte på sanne forteljingar om levde liv, og eg liker dei begge to. Dei er svært ulike, men dei har til felles at dei er skrivne med utgangspunkt i vanskelege opplevingar og dei vil seie noko som er sant om ein viktig tematikk. Den eine er romanen Precious, av Sapphire, boka bak kinofilmen som går nå og den andre er den langt meir dokumentarisk prega boka til Arnfinn Nordbø, Betre død enn homofil. Dei er begge bøker i ein sjangar eg vanlegvis går forbi, men som eg av ulike grunnar har fått lyst til å lese. Og dei er begge sterke og oppriktige bøker, som gjer eit ekte inntrykk på meg.
Som den fordomsfulle lesaren eg er, må eg erkjenne at eg har teke feil igjen. Det er ikkje alle bøkene i desse sjangrane som er platte og klisjefylte og prega av språklege overdrivingar, som bare er til for å røre lesaren. Nokre av dei som skriv bøker, basert på sanne historier, skriv godt og dei skriv viktige bøker om viktige tema, som i tillegg er verdt å lese.
4 comments:
Helt enig! Synes også de to bøkene var noe helt for seg selv, har lest begge denne våren. Man får finne noe annet enn blurber å basere lesningen sin på :)
Nei, vi kan nok ikkje stole på dei blurbane. Gode blogginnlegg er derimot meir til å stole på.
Eg er fascinert over at eg er så begeistra for to bøker, i ein sjangar eg vanlegvis ikkje utstår.
Precious er rett og slett en perle av ei bok!
Synes du beskriver "fordommene" dine mot enkelte bøker veldig bra og kjenner meg godt igjen. :)
Og gratulerer så mye med ferdig master!
Takk for det.
Kjekt å høyre at eg ikkje er aleine om desse fordommane.
Post a Comment