Sep 10, 2009

So much to do - so little time...

Det er semesterstart og oppstart i ei heil rekke arrangement. Bare i dag har eg lyst til å gå på "Forfatteraften", med debutant Eivind Hofstad Evjemo i Studentersamfundet sitt bibliotek på Chateau Neuf og på Litteraturhuset si feiring av Kjell Askildsen sitt forfattarskap. Samtidig.

I går var det første onsdagen med Litteratur på Mono, dagen før var det første tirsdagen med Litteratur på blå. I tillegg er det Samtidsfestival i Oslo, Torshovteateret har sett opp forestillinga Valerie Jean Solanas skal bli president i Amerika, basert på Sara Stridsbergs fantastiske roman Drömfakulteten. Og dette er bare i heimbyen. Eg har lyst til å reise til bokmessa i Göteborg, til Audiaturfestivalen i Bergen og til Jane Austen festivalen i Bath. Og det er bare denne hausten.

Men uansett kor lyst eg har til å få med meg alt, så gjer eg ikkje det. Eg trykker på "maybe attending" på facebook, tenker -dette høyrdest kjekt ut. Også finn eg ut at eg ikkje har tid til å gå ut. Eller at eg er for trøytt. Eller at eg har for lite pengar til å drikke øl på litteraturarrangement tre kveldar på rad. Eller...

Innimellom tenker eg at dersom eg hadde budd på ein mindre plass, kor det ikkje var så mykje teater, konsertar og litteraturarrangement, ville eg kanskje ha fått med meg meir. Då ville eg kanskje prioritert det eine litteraturarrangementet, som var på staden, kvar andre månad. Nå skjer det så mykje, og eg kan jo ikkje få med meg alt - ein tanke som i mange tilfelle fører til at eg ikkje får med meg nokonting.

Når det er sagt, har eg store planar om å gå oftare på Litteraturhuset denne hausten. Og på Blå. Og på Mono. Og på Chateau Neuf...

5 comments:

Ylva said...

Det är fördelen med att bo i en så liten stad som Ljungby (17 000 personer, 27 000 i kommunen); jag går på nästan alla kulturevenemang. Bokmässan ska jag på både torsdagen och fredagen. Jobbet betalar resa och mässbiljett, trevligt!

heklehatt said...

Kjent problemstilling! det er så mye som skjer hele tiden. Jeg har funnet ut at hvis man går på alt, blir det så mange inntrykk at man ikke rekker å bearbeide/fordøye noe av det. Jeg har nesten sluttet å gå på ting, jeg. Bedre å velge noen få ting med omhu. Min opplevelse av askildsen på litt-huset kan du forresten lese om her...: http://www.enannentid.blogspot.com/
:-)

Bai said...

Eg tenker også slik Ylva, at hadde eg budd ein plass det skjedde mindre ville eg fått med meg meir.

Men eg klarer heller ikkje å fordøye alt, Heklehatt. Kanskje eg bare skal godta at eg ikkje orkar alt. For eg vil jo så gjerne.

Bergljot said...

Heilt riktig! Slik er det =) for her på Ål får eg med meg langt meir enn kva eg gjorde då eg budde midt i midten av Oslo. Men det aller aller enklaste og viktigaste er jo boka i sofaen. Og den får du med deg uansett!

Ylva said...

Fast å andra sidan är jag avundsjuk på min bror som bor i Stockholm där det finns konserter, bio och litteraturevenemang hela tiden. Bor du i Oslo, eller var?