Sep 5, 2009

Den underlege boka

Eg les Rust av Pedro Carmona-Alvarez. Sjølv om eg seier at eg ikkje bryr meg om kritikarar, at eg vil gjere meg opp ei meining sjølv, kan eg ikkje unngå å leggje merke til at boka har fått sprikande omtaler. Mange seier ho er for mykje, eit heilt bibliotek, skreiv Dagsavisen, full av uredigert tekst. Bergens Tidende kaller ho "en svimlende god bok", "en bok du vil andre skal lese".

Eg har passert side 200 i denne underlege mursteinen på over 700 sider. Eg både liker og ikkje liker boka. Det gjer at boka er underleg. Eg pleier å kunne gjere meg opp ei meining om ei bok. Men nå veit eg ikkje. Eg liker ho innimellom og innimellom liker eg ho ikkje. Dagsavisen har rett i at ho er mykje og omfattande. Bergens Tidende har rett i at ho er svimlande. Så langt ser det ut som ein godt fortald og svært detaljert oppvekstroman. Eg føler eg har lese dette før, om kameratgjengen frå Kolbotn som startar band. Likevel vil eg lese vidare. Det er noko som driv meg. Eg veit bare ikkje heilt kva.

Innimellom kjem det avsnitt som svarar til forventningane at Pedro Carmona-Alvarez skulle ha eit språk og eit uttrykk som var godt å lese. Som dette avsnittet her:

Dagen etter, på lørdagen, begynte det å regne. Og det fortsatte. Jeg mener ikke at det betyr noe, men som sagt, døden gjør oss alle så følsomme, dens berøringer er så lette, mer enn noe annet kjennes de som snitt, som papirkutt.
Jeg sier bare at det regnet, det er alt jeg sier.
Lørdagen regnet bort.
Søndagen likeså.
Tunge skyer. Tungt regn.
(s. 189)

Eg trur det er desse avsnitta som gjer at eg må lese vidare i boka.

6 comments:

heklehatt leser said...

ja, det utdraget var flott, han har et driv i språket, jeg merket det på opplesingen på Litteraturhuset også.Får veldig lyst til å lese det, bare la meg drive med (det minner litt om beatles, kanskje, en sånn bok du bare dukker ned i?) Men jeg er også, som du skriver lenger ned, redd for å velge så tjukke bøker at jeg ikke får lest noe annet...

Bai said...

Eg er jo ein av dei som ikkje klarte like Beatles. Og eg har prøvd, fleire gonger. Men eg ser parallellane. Og det kan hende det er derfor eg er usikker på om eg skal like boka.

Men eg har slutta å vere redd for å ikkje få tid til å lese noko anna i haust, boka er lett å lese.

CassandraMortmain said...

Jeg har hatt absolutt null interesse for Rust, men jeg må innrømme at det utdraget gjorde meg nysgjerrig på om han kanskje ikke har noe for seg likevel.

Lilli Anne said...

Hei Bjørg.
Jeg ble overrasket da jeg leste kommentaren din på bloggen min. Det er lenge siden, men jeg husker deg egentlig ganske godt. Jeg har nok blitt en del større siden sist, ja. Koselig å høre fra deg!

Jeg ble helt oppslukt i bloggen din, og har til nå bestemt meg for å lese "Hvis jeg blir". Du skriver kjempebra !

Ingrid said...

Jag har sett att "Rust" har fått mycket press i Norge- så jag tycker att det var väldigt intressant att läsa dina tankar om boken. Jag är dock lite rädd för tjocka böcker...

Bai said...

Cassandra, dette utdraget er langt frå representativt for stilen i boka. Men det er slike glimt som dukkar opp innimellom. Eg veit framleis ikkje om dei er mange nok til at eg vil anbefale ho vidare.

Ingrid, eg skjønner frykta di for tjukke bøker. Eg er skeptisk sjølv...

Lilli Anne, så koseleg at du liker bloggen min :) Kjekt å kunne vere til leseinspirasjon.