Nov 15, 2009

Ei helsing frå inni bobla

Eg er inni ei boble for tida. Dei siste månadane har eg stort sett bare vore oppteken av masteroppgåva mi, som sakte men sikkert begynner å like på ein samanhengande og meiningfull tekst. Nokre veker til nå, også er eg tilbake til vanlege dagar igjen. Det er kjekt å fordjupe seg i eit emne, skrive om det og sjå at teksten tek form. Likevel merkar eg at hovudet blir brukt mykje meir enn kroppen, nå for tida. Det er nesten vanskeleg å tenke på andre ting enn denne oppgåva, og eg er redd eg er i ferd med å utvikle asosiale tendenser. Men nå begynner eg å bli redd eg har mista blogglesarane mine. Så eg gjer eit forsøk på å halde bloggen i live, på fridagen min.

I løpet av hausten har det blitt lite boklesing og lite blogging. Når eg har komme heim, etter mange lange timar med abstrakt lyrikkanalyse, har eg vore for trøytt i hovudet til å sette meg ned og kose meg med ei bok. Eg har heller ikkje orka å sette meg ned og skulle produsere tekst, etter ein lang dag med skriving. Til gjengjeld har eg sett ganske mange episodar med Cold Case og CSI i ulike variantar, denne hausten. Og eg må seie at slik lett og enkel tv-underhaldning er undervurdert.

Rust av Pedro Carmona-Alvarez
Det seier seg kanskje sjølv, at ein murstein på over 700 sider, slik som Carmona-Alvarez Rust tar lang tid å komme gjennom, når lesing ikkje blir prioritert, utover dei ti minuttene på sengekanten før eg sovnar. Men for eit par veker sidan blei eg omsider ferdig med denne boka. Eg er ikkje overbegeistra. Det jamne inntrykket er at teksten er uferdig og uredigert, sjølv om boka innimellom har passasjar som er så gode at forventningane blir halde oppe.

Den første halvdelen av romanen handlar om kameratane til Passolini, som bare blir omtala i tredjeperson, og som har forsvunne. Skildringane av oppveksta på Kolbotn og artistlivet er velskrivne, men inneheld lite nytt. Likevel er det spenninga med denne forsvunne kameraten Passolini, som gjer at eg får lyst til å lese vidare.

I andre halvdel av boka dukkar Passolini opp igjen, i forbinding med 8 mord i Santiago i Chile. Bakgrunnshitoria til dei involverte blir nøsta opp, og dette kunne vore ei storslått skildring av miljøet i dei latin-amerikanske storbyane, særlig Buenos Aires. Men eg sitter med ei kjensle av at potensialet i dei mange samtidige forteljingane ikkje blir utnytta. Nokon av dei fortalde historiene er veldig rørande og engasjerande, andre er direkte kjedelege og oppramsingsprega. Det irriterer meg også litt at eg må bruke post-it-lappar for å bla tilbake og hugse kven som var kven. For meg er det at karakterpresentasjonane og skildringane av personane i utgangspunktet ikkje gjer sterkt nok inntrykk, til at eg hugser personane 40 sider seinare, ein svakheit. I alle fall i denne romanen.

Rust har potensiale, både i første og andre halvdel. Men eg synes ikkje dette potensialet er utnytta godt nok.

En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz
Etter at eg blei ferdig med Rust begynte eg på En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz. Dette er ei samling sjølvbiografiske småtekstar med eit novellistisk preg, noko som passar veldig godt i ein slik periode kor eg ikkje har så mykje lesetid. Kapitla kan lesast kvar for seg, men dei har også ein plass i ein større samanheng.

Eg liker stemninga og tonen i denne boka, fortald frå den vesle guten sitt perspektiv, om tida før staten Israel blir oppretta, om jødane som på trettitalet blei jaga frå resten av Europa, til Palestina, og som seinare blir ønska ut av Palestina igjen. Det er små historier - om kjærleik og mørkre - frå ei oppvekst fyllt av begge deler.

Eg er omlag halvvegs i boka, og gleder meg til å lese vidare.

Poesikatalogen 2009
I går fekk eg pakke i posten, med Audiatur-katalogen, som inneheld over 700 sider ny poesi. Eg har såvidt fått tid til å bla litt i denne katalogen, men eg gleder meg veldig til å sette meg ned og kose meg med han, etter innlevering. For her er det mange timar godt lesestoff, det er eg sikker på.

3 comments:

thauke2 said...

Sjølv om du ikkje har blogga aktivt i haust, har du faktisk fått iallfall ein ny lesar! Du synest å lese mykje som eg har eller vil lese, og du har gode kommentarar om bøkene. Soleis har eg Oz' bok liggjande på vent og har tenkt at eg burde skaffe meg Alvarez', og no tenkjer eg at eg trygt kan prioritere den eg allereie har...
Lykke til med innspurten på masteroppgåven (frå ein som var ferdig med dette for 20 år sidan!)

Bai said...

Takk for det!
Viss eg skulle velgje mellom Oz og Alvarez, er eg ikkje i tvil om at eg ville vald Oz. Det er for mange svakheitar i Rust til at den totale lesaropplevinga blir god.

Lilla O said...

Det är svårt att hinna läsa och skriva magisteruppsats samtidigt! Hoppas att skrivandet går bra.