Oct 17, 2009

Gratulerer med 70-årsdagen, Jan Erik Vold



Jan Erik Vold blir 70 år i dag.
I går blei han intervjua av Østlandssendingen på NrK i anledning feiringa av 70-årsdagen hans, som er i dag. Han sa at han hadde gitt ut over 200 bøker, men var blitt kjendt for fire dikt.

Han har rett, for kva tenker vi på når vi ser denne mannen? Vi tenker på "Kulturuke", "Kveldsang for loffen", "Funny" og "Mellom speil og speil". Men han har skrive så mykje meir enn desse tekstane.

(foto: nrk.no.)

Jan Erik Vold har blant anna skrive ei rekke politiske dikt, som blei gitt ut i samleutgåva Politiske dikt i 2004.I denne utgåva kan vi lese om hans engasjement for byen Oslo, mot urett og fattigdom og for likebehandling av mennesker. Vi kan lese dikt, kor Mordekai Wanunu er hovudpersonen, kor Vold ber Bush halde fingrane unna Irak og kor Poeten på verseform kritiserer byplanleggjarane i Oslo. Og i det sterke diktet "Hva er et skrik verdt", blir lidinga i verda stilt opp mot tyveriet av Munchs "Skrik". Politiske dikt er ei samling sterke tekstar om viktige tema. Og poeten gir sjølv uttrykk for at han ønsker å bli hugsa for desse tekstane.

Eg vil derfor gratulere Jan Erik Vold med 70-årsdagen, med ei oppfordring til å lese hans Politiske dikt, som etter mi meining er ei samling av dei sterkaste og viktigaste tekstane til Poeten. Det er, blant mykje, dette han fortener å bli hugsa for.

4 comments:

Anonymous said...

han har ikke bursdag i dag, det er i morgen.

Bai said...

Ja, jammen har eg ikkje gjort dårleg research. Vel. Han fortener ein gratulasjon likevel.

Unknown said...

Javisst fortjener han både en og to gratulasjoner! Men hva mener han når han hevder å ha utgitt 200 bøker? Er det rubbel & bit; oversettelser og gjendiktninger?
Tror forresten at folk flest husker JEV best som "han med Loffen".

Bai said...

Eg har forsøkt å finne ut dette, Dipsolitteraten, og i Dagsavisen i går stod same talet. Der inkluderte det essaysamlingar han hadde vore redaktør for, oversette bøker, plater og mykje meir. Så 200 arbeid er kanskje meir presis. (Huff, for eit upresist blogginnlegg...)