Oct 10, 2009

Nobelveka

Eg rakk ikkje bla gjennom rss-feeden min i går, så eg gjorde det nå i kveld i staden. Og eg innser at bloggeland ikkje treng fleire innlegg verken om Herta Müller eller Barack Obama. Dei vann. Og alle har skrive om dei. Fortent? Ufortent? Overraskande? Ja, overraskande, i alle fall han siste. Müller må eg sjå å få lese. Men det seier eg jo alltid, når nokon vinn ein pris.

I kveld skal eg ta med meg Rust til sengs. Denne boka som er så tung å halde oppe, at ho ikkje er eigna til sengelesing. Og som eg eigentleg ikkje liker spesielt godt, men som innimellom er så god at eg ikkje klarer å leggje ho frå meg. Eg har nettopp lese eit godt parti. Håper dei siste hundreogfemti sidene er like gode.

På nattbordet mitt har eg også det siste nummeret av "Bøygen", om rus og diktning. Eg har bladd gjennom det og sett at det er mykje interessant lesestoff der. Men eg har ikkje fått lese det ennå. Eg leser bare masteroppgåve-relevante litteraturartiklar for tida. Eg blir litt einsspora av det. Men nå er det ikkje mange vekene igjen, dessverre og heldigvis på same tid. Etterpå kan eg kanskje begynne å skrive om interessante ting i bloggen min også, gjerne den dagen dei er interessante og ikkje dagen etter at alle andre har skrive om dei. Som for eksempel at Herta Müller vann nobelprisen i litteratur. Vi veit det nå.

No comments: