Aug 5, 2010

Ein delikatesse-bokhandel

Tidlegare i sommar var eg ei veke i Paris, og då var eg sjølvsagt innom Shakespeare and company, som ligg ved Seinen ikkje langt frå den overveldande katedralen Notre Dame. Atmosfæra rundt denne butikken er heilt spesiell. Då eg stod på fortauet utføre, var det som å sjå eit glimt av ei anna tid, hadde det ikkje vore for alle turistane. Og då eg kom inn i butikken blei eg overvelda - dette er ein bokhandel, kor det er bøker overalt, og ingen andre ting enn bøker.


På biletet ser du fleire meter med diktsamlingar, frå golv til tak. Og eg, som så ofte blir oppgitt over kor vanskeleg det er å finne butikkar som prioriterar lyrikk, blei så overvelda ved første besøk at eg gjekk tomhendt ut igjen. Eg gjekk tilbake ein seinare dag og denne gongen brukte eg over ein time framføre denne eine hylla. Eg kunne stå å bla i samlingar av ukjende diktarar, notere ned forfattarnamn og titlar som eg kan søke opp og kjøpe med seinare høve. Eg plukka ut ein stor stabel med bøker, før eg begynte å tenke på dei 15 kiloa med baggasje eg hadde tilgjengeleg på heimturen, og sette ein del av dei på plass i hylla med tungt hjarte, før eg betalte for nokre få av bøkene og gjekk.

Paris er ikkje som Norge. I Paris er det bokhandlarar, med godt utval i lyrikk. Det er også ostebutikkar som bare sel ost, kjøttbutikkar som bare sel kjøtt og Cocolathiers som bare sel sjokolade. Og både osten og kjøttet og sjokoladen har kvalitet. Eg ønsker meg ein større marknad med spesialiserte småbutikkar, kor dei ansette kan det dei sel, også her heime. Og eg ønsker meg bokhandlarar som er heilt utan interiørartiklar og kaffikanner, og som heller er fylt til taket med bøker, med stige slik at ein kan rekke opp til øvste hylle. Men eg er ikkje sikker på om det er marknad for slike butikkar på annakvart gatehjørne, i eit land kor folk allereide klager over høge prisar og gjerne står i bilkø til Svinesund kvar helg for å få dei vakumpakka kotteletta sine litt rimelegare.

Ingrid skreiv for nokre veker sidan eit innlegg med tittelen "Om lyrikens styvmoderliga behandling", kor ho skriv:
Jag vill inte öda tid i en "bokhandel" som har ett utbud liknande min lokala Ica-affär.
Det er vanskeleg å finne skikkeleg fine delikatesse-bokhandlarar, med stort utval i lyrikk her i Norge, og eg har inntrykk av at det same gjeld nabolanda våre. Vi har jo Tronsmo i Oslo og Bislett Bok, men heller ikkje der er utvalet samanliknbart med Shakespeare og company. Vi har også god tilgang på nettbutikkar, som for eksempel Audiatur, og det er stadig lettare å skape sitt eige gode utval med å bestille bøker frå utlandet. Men ulempa med ein nettbutikk er at det ikkje går an å stå å bla i bøkene til ukjende forfattarnamn, ein kan ikkje stå framføre hylla og leite etter smaksprøvar. Ein må vite kva ein leiter etter, på nettet.

Vel heime i Norge skulle eg kjøpe ein bursdagspresang. Eg trudde eg hugsa at Tanum på Oslo City hadde ei lyrikkhylle før, så eg gjekk innom der fordi der er det praktisk å gå innom når ein kjem frå t-banen. Men lyrikkhylla var borte - eg fann ho i alle fall ikkje. Dermed fekk jubilanten ein roman i staden, noko ho blei glad for. Men det er synd at det er så vanskeleg å finne diktsamlingar i heilt vanlege bokbutikkar.

Eg ønsker meg ein delikatesse-bokhandel, slik som Shakespeare and company. For sjølv om det kanskje er ein økonomisk risiko knytta til det å bestille opp eit lager med marginale diktarar og å eksponere desse på bekostning av dei krimforfattarane som ein allereide veit selgjer godt, plager det meg at utvalet er så snevert her til lands. Lyrikk og anna såkalla smal litteratur sel dårleg, det veit vi. Men er ikkje forventningane om dårleg sal, også ein sjølvoppfyllande profeti? For korleis kan bokbransjen eigentleg forvente at bøker som ikkje blir eksponert i det heile tatt, og som ikkje ein gong finnst i hyllene skal bli oppdaga og lesne? Ville ikkje butikkane og forlaga også ha tent på eit litt breidare utval, også innafor såkalla smal litteratur? Eg kan ikkje så mykje om økonomi, men eg trur ikkje at etterspurnaden aukar ved at tilbodet blir borte. Og når dei store kjedane fjernar lyrikken frå butikkane sine, er tilbodet i ferd med å bli borte. I kven si interesse er eigentleg det?

Shakespeare and company er ein bokhandel til inspirasjon. Og dei har heller ikkje utelate bestselgjarane. Til tross for godt utval i lyrikk og litteraturfilosofi og andre sjangrar det ofte er vanskeleg å finne i bokhyller, har dei meir alminneleg kjende namn i tillegg. Dei har bare ikkje fått så mykje plass, som hos dei som bare har bestselgjarane.

Eg skulle ønske det fanst fleire slike butikkar, kor lyrikken får den plassen han fortener.

11 comments:

Jenni said...

Jeg er så enig, så enig. Jeg blir trist og oppgitt inni meg når bokhandlene er fylt opp med et par bestselgere og så annet ræl for resten. Tallerkener og denslags, hav har det med bøker å gjøre? Dessuten synes jeg at bokhandler og "penn og papir-butikker" bør være adksilt. Ja, ja. Jeg skal i alle fall besøke Shakespeare & Company neste gang jeg er i Paris!

Geir Isaxen said...

Jeg har faktisk ikke så veldig lyst til å oppleve Paris. På eldre dager har jeg fått en intens motvilje mot storbyer. Men Shakespeare & Co. har jeg lyst til å se!
Heldig, du!

Karin said...

Ja til alt du skriver! Shakespeare & Co er fantastisk. Jeg tilbragte en regnfull ettermiddag der for noen år siden og jeg falt helt pladask:-) Bøker, bøker, bøker overalt.

Jeg tror også det er mer plass til lyrikk og smalere litteratur i butikkene. Man skal ikke undervurdere "impulskjøp" av bøker man finner liggende fremme og som skaper interesse....

Bai said...

@Geir Isaxsen: Shakespeare and co gjer heile byen! Nei, vi hadde ein fin og impulsiv tur til Paris, men det blei litt mykje varme i forhald til asfaltmengda eller omvendt. Ein by eg vil tilbake til på ei kjøligare årstid. Men så liker eg storbyar også.

@Jenni: Ja, det å skilje pen og papir frå bok, er også eit steg i riktig retning. For ikkje å snakke om scrapbook-materiale. Nei, bokhandlarar for bøker!

@Karin: Det er akkurat det eg også tenker - at impulskjøpa, eller oppdaginga av nye namn blir i alle fall ikkje mogleggjort dersom desse bøkene ikkje finst i butikkane.

Trivselsdamen said...

Delikat blogg du har! Oppdaget den nettopp, og skjønner at jeg har funnet en skattekiste.
Jeg er også en lesende dame som har en blogg der også bøker er med, men der vinklingen er "trivsel" generelt. Da er jo gjerne bøker en stor faktor.
Kommer til å kikke innom her og lete etter gode tips:)

Ingrid said...

Så otroligt bra skrivet. Jag tror inte på att man inte skulle kunna sälja lyrik - och så kallad smal litteratur- man måste bara arbeta lite för det. Exponera, skriva och helt enkelt försöka att sälja varan. Det är så tråkigt att gå in i (de flesta) svenska bokhandlar nuförtiden- överallt bara dessa bestsellers som man inte blir ett enda dugg inspirerad av.
Paris är en stad jag gärna skulle vilja besöka igen- det var ett bra tag sedan. Precis som du tycker jag om storstäder även om de är tröttande också...

Bai said...

Eg trur i alle fall at bransjen sine val av vektleggjing av bøker til ein viss grad er ein bestemmande faktor for korleis salet går.

Hermia said...

Ja, det är bara att instämma! De inspirerade och initierade bokaffärerna fattas! Vad händer med oss nordbor som tappar den intellektuella utmaningen en välsorterad bokhandel bjuder in till?

Och Shakespeare & Co är fantastisk! Jag var där för ett år sedan.

thauke2 said...

Synest ikkje å stå betre til i Sverige enn her heime - om det er ei trøyst: Var i Gøteborg i sommar og måtte i tre (3!) bokhandelar før eg fann ei bok av Ann Jäderlund, ja før eg til og med fann ein ansatt som hadde høyrt om AJ!

Frøydis said...

Hei Bai! Jeg svarte på kommentaren din i bloggen min. Er selvfølgelig enig i at bestselgere er noe drit, i seg selv, men det er også viktig å tenke på at det er de som finansierer bokbransjen. Uten dem mister vi den smale litteraturen. Det jeg skrev var egentlig ment til en annen debatt, nemlig den om debutanter i bokhandlene. Skriv videre, bra blogg!
F

Bai said...

@Thauke: Nei, eg har inntrykk av at Norge og Sverige er ganske like på dette området. Eg er framleis rysta over at eg var innom fire bokhandlarar (kor alle dei ansette hadde t-skjorter med "Ligge i grønne enger" på magen), før eg fann nokon som hadde høyrt om Jon Fosse, då eg leitte etter Andvake for eit par år sidan. Og Jon Fosse er jo ikkje akkurat smal og marginal, heller.

@Frøydis: Dette med at bestselgjarane finansierer den smale litteraturen er jo sjølvsagt eit godt poeng. Og eg meiner ikkje at vi skal ha butikkar som ikkje sel bestselgjarar i det heile tatt. Eg meiner bare at det burde vore litt lettare å få tak i andre sjangrar og andre namn, enn dei som er på topp-ti-listene. For det er ikkje alltid like lett. Eg forventer ikkje podier med smal aust-europeisk lyrikk på Notabene, men eg skulle ønske at fleire butikkar i alle fall hadde ein hyllemeter eller to til mindre kjende namn i tillegg.