Aug 21, 2009

Desse bokklubbane...


Eg er medlem i ei rekke bokklubbar. Den siste eg meldte meg inn i, var Bokklubben Epp, oppkalla etter Axel Jensens roman Epp. Bokhandelen er driven av Tanum.

I dei andre bokklubbane eg er med i, har det stort sett vore greit å avbestille eit fleirtal av bøkene. Det er alltids bøker som kunne vore kjekke å hatt, men eg kan vente dei kjem i billegare utgåver.

I tilfellet med Bokklubben Epp, har eg til nå fått tre medlemsblad, kor alle tre ber meg avbestille bøker eg bare må ha! Dette er vel eigentleg eit teikn på at eg har meldt meg inn i ein veldig god bokklubb. Men ein kan desverre ikkje kjøpe alt ein vil ha, alltid. Så det var med tungt hjarte at eg avbestilde Sin egen herre, Tore Rem sin nye Bjørneboe-biografi i dag. Eg får ønske meg ho til jul, som mor mi alltid pleidde seie.

Til gjengjeld har eg fått ei bok eg er veldig spent på, og har høge forventningar til i posten, nemleg Pedro Caramona-Alvarez siste roman, Rust. Det er ein murstein av ei bok, på nesten 750 sider. Men ho skal visstnok representere "forfatterens store gjennombrudd, og vil stå igjen og lyse mens de andre bøkene fra bokhøsten 2009 slukkes en etter en." (Karl Ove Knausgård, frå Kolon Forlag si heimeside).

Eg gleder meg veldig til å ta fatt på denne boka, som kom i postkassa i går. Eg er bare litt redd eg ikkje skal få tid til å lese noko anna.

2 comments:

Anonymous said...

Jeg hadde aldri klart å avbestille bøker hvis jeg var medlem av en bokklubb. Ikke fordi jeg absolutt ville hatt alle bøkene, men jeg hadde glemt det helt. Jeg bestiller bøker selv på nettet. Det er en veldig fin følelse å få en bok i posten synes jeg.

Bai said...

Det er vanlegvis ikkje eit problem, så lenge ein kan avbestille elektronisk. Det var mykje vanskelegare "i gamle dagar" då ein måtte gjere det pr. post eller telefon. Då kom det mange uventa bøker og rekningar i posten.