Aug 16, 2009

Hvis jeg blir - Gayle Forman







Hvis jeg blir.

Originaltittel: If I stay.
Gayle Forman.
Omsett av Gry Wastvedt.
Cappelen Damm 2009.
192 sider










Nå er det min tur til å presentere bokbloggturnèboka Hvis jeg blir av Gayle Forman. Eg er nest sist på lista. Eg bestemte meg for at eg ikkje skulle lese kva dei andre hadde skrive, før eg skreiv mi omtale, så nå gleder eg meg veldig til å lese dei andre bloggane. I går skreiv Lille Søster. I morgon er det Elin sin tur.

17 år gamle Mia har eit veldig godt forhald til foreldra sine. Dei er hippe og kule og ho er svært glad i familien sin. Mia er også ein ung og lovande cellist, som har prøvespelt for det prestisjetunge colleget, Julliard i New York. Kjærasten Adam speler i eit up-and-comming punkeband. Mia framstår på mange måtar, innleiingsvis, som ei tenåringsjente som har alt; talent, kule foreldre og kul kjærast.

Handlinga i Hvis jeg blir utspelar seg over eit døgn, det døgnet kor Mia og resten av familien er på biltur og blir påkøyrde av ein trailer. Foreldra til Mia døyr. Sjølv hamnar ho i koma, og ho veit ikkje korleis det har gått med den 8 år gamle veslebroren. I Hvis jeg blir blir komaet Mia hamnar i beskrive som ei åtskilling mellom kroppen til Mia og den delen av Mia som sitt ved sida av sin eigen kropp, høyrer dei ho er glad i snakke om og til henne og ikkje minst, den delen av Mia som står ovafor eit vanskeleg val; skal ho bli hos kjærasten Adam, besteforeldra og venninna Kim eller skal ho fare saman med foreldra hennar?

Mia stiller ei heil rekkje spørsmål og tenker gjennom livet sitt, om og om igjen. Kven er ho, nå som ho ikkje lenger har familie? Kven er ho som foreldrelaus? Kva med dei andre som er glad i henne? Skal ho bli for deira skuld? Om ho blir i livet, kva skal ho då leve for? Vil ho kunne satse på ei musikarkarriære? Og kva med forhaldet til Adam? Mange av dei spørsmåla Mia stiller seg, handlar eigentleg om å definere seg sjølv og si eiga rolle, si eiga viktigheit, i forhaldet til dei andre, dei som har møtt opp på sjukehuset og som bryr seg om henne. Dette er spørsmål eg hugser at eg stilde meg sjølv i tenåra. Og det er viktige sprørsmål. I denne ramma, kor Mia faktisk er i ein mellomtilstand kor ho må velgje om ho vil leve vidare eller døy, blir desse spørsmåla aktualisert. Vil dei andre klare seg fint, dersom Mia velgjer å døy? Og korleis vil Mia klare seg, utan desse viktige familiemedlemma som er borte?

Forhald til foreldre og forhald til vennar er viktige tema i mange ungdomsbøker. Eg liker at Mia har eit godt forhald til foreldra sine. Ofte blir vennar viktigare og foreldra mindre viktige. Men i Hvis jeg blir er foreldrene minst like viktige som vennane og kjærasten.

Plottet er svært godt, og boka er på mange måter fengande. Samtidig har ho nokre svakheiter. Boka reiser ei rekkje viktige spørsmål, men dei blir litt i overkant godt analysert og gjennomtenkt i teksten. Eg får ei kjensle av at Gayle Forman undervurderer lesarane sine litt, og at ho ikkje heilt stolar på at dei klarer å tenke sjølv, men at ho må tenke for dei.

Språket er verken svært godt eller svært dårleg. Det er heilt greit. Eg lar meg heller ikkje heilt gripe av det, og eg blir innimellom minna om at eg les ei bok, gjennom små ujamnheiter i språket. Dei engelske formuleringane kan skine gjennom den norske oversettinga, slik at eg blir meir oppteken av kva det eigentleg kan ha stått der, enn sjølve teksten. Dette er litt forstyrrande.

Alt i alt synest eg Hvis jeg blir var ei bok med eit fengande plot og god spenningskurve, men med nokre forteljartekniske og språklege svakheiter.

No comments: